fredag 6. april 2012

TANKAR OG TEIKNINGAR

Det eine firmaet som har vore her på befaring i samband med badet har laga nokre teikningar av det. Ein slik det er idag, og ein slik me tenkjer at det skal bli.

Me har lyst på vegghengt klosett (me føler begge at det er litt meir hygienisk), dusjnisje og ein dobbelservant. I utgongspunktet hadde me og tenkt litt på badekar, men me innser at det kanskje blir vanskeleg å få til. Med tanke på eventuelle framtidige born kunne det gjerne vore praktisk, men folk greier seg jo bra utan og, så me kjørar på utan i første omgong, så får me sjå korleis det går.

Eg har veldig lyst på ein enkel baderomsinnreiing, utan for mykje skap og sånn. (Ja, eg veit ein treng skapplass på badet, men eg veljer å sjå vekk i fra det). Me har funne utruleg mykje fine løysingar og me er heldigvis veldig einige om kva me ønskjer. Dobbelservant, med fire skuffer under og ein stor spegel over. Bakom spegelen skal det vera skåp. Eg liker best reine flater og må ha ein plass å setje vekk alt smågreier, som til dømes tannbørste, deodorant og parfyme.

Ellers tenkjer me lyse, store fliser på veggar og mørke på golv, me har funne nokre fliser me liker godt, men me må enda sjå oss godt om. I dusjnisja vil me bryte av flisene med noko litt kult på den eine veggen, men me har ikkje heilt funne ut kva enda, kanskje noko mosaikkfliser i ein eller anna farge, det tykjer eg er så fint.

Dette badet vårt skal også bli vaskerom, pluss at me må ha ein varmtvatnstank her oppe og, det har me iallefall blitt anbefala. Me har jo ein 200 liters dunk i kjellaren. Men den blir gjerne litt liten for alle å dela på med tida. Eg la jo ut bilete igår av den delen av badet som skal innehalde dette, eit praktisk innhugg i rommet som eingong i tida var spisskammers. Her er det idag akkurat 130 cm langt, og er me heldige greier me akkurat å få plass til vaskemaskin/tørketrommel i den einehalvdelen (stablar i høgda, evt kombi) og VVT i den andre halvdelen etter at veggane er ferdig.

Me har framleis mykje å planlegge, men eg føler me er godt igong. Eg er så takknemleg for at Thomas og synes det er kjekt å velje ut innreiing, fliser og det som er, og at han faktisk bryr seg om korleis det skal bli han og. Alt er så mykje kjekkare når me begge er engasjert. Ingen tvil om at eg har skutt gullfuglen <3

Her kjem teikningar: før og etter :)
Slik ser det ut no, det er altså to rom, eit kjøkken og eit lite bad.
Og slik ser me for oss at det skal bli. Stor dusj, toalett i hjørnet. Dobbelservant, ingen skap. Og vaskemaskin/VVT inn i "spisskammerset". Nokon som trur dette blir bra?? Eller nokon som har noko anna ide??:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar