Befaringa me skulle hatt på torsdag vart utsatt grunna sjukdom, så dei kjem att på tirsdag. Typisk at det alltid kjem på dei dagane eg jobbar dobbelt, men eg skal prøva å jobba inn litt på mandag, så kan eg gå tidleg fra Bergen Energi tirsdag. Det går nok bra :)
Når det kjem til prisen på badet så visste me jo at det kom til å bli dyrt, men me tykkjer den første prisen me fekk var noko høg. Nesten som ein kan undre seg om dei eigentleg ikkje vil ha jobben. Det blir veldig spanande å sjå kva pris dei andre gir, om det er vesentleg forskjell eller ikkje. Alle dei ulike fagmenna har laga ei oversikteleg liste over kva dei har prisa. Det skal jo inn røyrleggjar, snekkar, murar og elektrikar, det er heilt klart røyr-beten som skillar seg ut reint prismessig, men det er jo som dei seier, "ein omfattande jobb".
Igår hadde me den eine nye leigetakaren inn for kontraktsignering. Det gjekk veldig greit og det kjenns utruleg godt å ha signert papira. Dei planlegg ikkje å flytta inn på skikkeleg før i august, men det er litt artig at dei hadde så lyst på leilegheita at dei er villig til å betala sommarmånadane og, sjølv om dei ikkje skal vera i Bergen nokon av dei. Så får me berre håpa at dei vil trivast like godt her i Nygjerdet som det me gjer.
Sånn heilt på tampen kan eg jo leggje til at eg no har sagt opp jobben min på Rema 1000, det blir rett og slett for mykje å halda på sånn i lengda, og når me får inn pengar fra kjellaren så skal nok hjula gå rundt utan Remajobben. Så då skal eg jobba der fram til utgongen av Mai, og eg kan ikkje få sagt kor eg gler meg til å få litt betre tid att, sjølv om det skal seiast at eg er veldig takknemleg for at eg fekk komma tilbake og det har vore veldig kjekt! :)
Det byrjar å bli vår her i Bergen no, endeleg. |
Meg, skal straks avgårde i bursdag:) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar