søndag 15. april 2012

RYDDEDAGEN

God dag! Då var det jammen sundag igjen, vekene flyr så fort for tida. Det har vore ei strålande helg, som vanleg. På fredag var me på kino og såg Titanic i 3D, det gjekk heldigvis betre for meg denne gongen enn sist eg såg den, då var eg tolv år og synes det var det verste eg hadde sett nokon sinne. Eg har faktisk ikkje greid å sjå den om att nokon gong i etterkant, eg var heilt traumatisert. Men no, trettan år seinare, så var eg berre nødt å prøva. Og det gjekk heldigvis bra!

Igår stod eg opp tidleg og tok ein tur i fjellet saman med Marith og Gjøa. Ein fantastisk tur med enda meir fantastisk selskap. Etter det var det bursdagselskap på menyen, og det er alltid så kjekt. Eg elskar familiegreier og denne gongen vart jaggu Thomas med og, då er det jo ekstra kjekt. Masse gode kaker og det som er.

Idag har eg vore ein tur hos dei beste besteforeldra, der mamma og var. Eg er glad for at eg har litt familie her i byen og at mine foreldre til stadighet tek turen over fjorden. Eg har ikkje vore heime på Stord sidan jul faktisk, men heldigvis har eg sett mykje til familien likevel, då dei ofte er her.

Og over til overskrifta, idag har me RYDDA her heime. Me har hatt eit rom oppe der me har hatt så og seie alt av bruksting, som baderomsartiklar, handdukar, klede, vesker, sko, skittenklede, tørkestativ osb. Me har og hatt ikkje mindre enn to gjestesenger her inne, pluss nokre dører me har hekta av i samband med oppussing. Idag var eg berre nødt å få gjort noko. Så eg byrja berre i ein ende, og synes resultatet vart ganske bra. Fekk dørene og sengene over i det gamle soverommet me hadde. Det hjalp veldig. Satt nokre ting opp på loftet og reorganiserte i resten.

Denne helga har eg fått lada batteria og er meir utkvilt enn eg har vore på lenge. Ellers kjenner eg at eg gler meg til ei ny veke, me har masse kjekke planar, så det er berre å følgje med!

Mi side av klesrommet vårt, det er dette som ein gong skal bli "Walk-in closet" for oss begge, korleis skal me greia å få plass? hihi :)
Og Thomas si side, her me skal ha soverom når me kjem så langt. Døra i enden her går inn til det me brukar som soverom no. :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar