onsdag 4. april 2012

030412: DAGENS OUTFIT

God kveld. Då var eg endeleg ferdig på jobb for idag, ein lang dag på vel seksten timar. Eg tel kronene! Det er travelt på Rema 1000 no i påskeveka, men det er berre kjekt det, tida flyr iallefall avgårde då. Imorgon jobbar eg heime fram til vel tolv, så er det på butikken ein tur å handla inn til påska før eg skal opp på Rema 1000 igjen nokre timar. Imorgon stenger me heldigvis klokka ni, så det blir ei kort vakt sånn sett.

Då me stod opp idag var det faktisk heile FEM minusgrader her i Nygjerdet. Me er trass alt i APRIL. Mentalt er eg berre innstilt på fine og varme dagar framover. Er det sånn at vintrane berre blir lenger for kvart år, eller berre kjennes det slik? Vel, då eg skulle ut i bilen såg eg at påskeliljene som eg hadde venta på rett og slett var døde, dei fraus ihjel over natta. Eg som hadde gleda meg skikkeleg til å ha påskeliljer frå eigen hage inne i stua mi i påsken, velvel. Eg får sjå om eg finn nokre på butikken imorgon.

Og så til slutt over til overskrifta. Sidan alle bloggarar stadig legg ut "dagens outfit" postar, tenkte eg at eg ikkje skulle vera noko verre. Så her kjem nokre bilete av det eg gjekk i store delar av dagen idag!
Rema fekk nye uniformar rett før jul. Skikkleg stilig!
Fine detaljar.
Håper alle får ein fin dag, og er du i Bergensområdet anbefaler eg at du kjem å handlar på Wergis mellom 15 og 21 :D

2 kommentarer:

  1. Handle imorra? Hos oss er det stengt Skjææærtorsdag!Jeg er akkurat kommet fra jobb god og sliten,men nå kommer vel Dag snart og finner en påskelikør til meg ,så blir alt bra! God påske med eller uten minusgrader!

    SvarSlett
  2. Hehe, eg skreiv innlegget seint tirsdagskveld! :) Håpe dåke får ein fantastisk Påske på sørlandet :) Stor klem

    SvarSlett