Endeleg er det nokre dagar fri. Det kjennes berre heilt fantanstisk ut! Idag sov eg faktisk heilt til klokka var tolv, det er ikkje ofte lenger. Sliten etter to lange dagar med jobb både her og der.
Men sjølv om me har fri så jobbar me på her i heimen. Me må nytta desse dagane alt me kan, for me har mykje som skal gjerast. Eg må sei eg synes me har fått gjort mykje idag, og klokka er berre fem. Det byrjar på monge måtar å ta litt form der oppe no, og ein får ei litt betre kjensle av korleis det eingong skal bli. Gøy!
Dagen idag har me brukt på badet vårt, me har rive ned gipsplater og brukt motorsaga litt, pluss at me har leika litt kvasielektrikarar med pappa på telefonen.
I dagens tilfelle trur eg bilete seier meir enn tusen ord. Så eg sleng med nokre bileter frå arbeisøkta.
|
Eg kan og jobba. |
|
Det er som sagt ikkje så enkelt å få bileta i rekkefølge, men her er Thomas etter me har rive ned all gipsen, klar til å sage. |
|
Eg tar i, den som ikkje vil den SKAL :D |
|
Her skal me ha vaskemaskin og varmvatnstank. |
|
Her var me altså ferdige å rive gips, me har saga ned veggen og opna opp det gamle spisskammerset. |
|
Og ja, det blir EINDEL boss undervegs. |
|
Og me kosar oss! :) |
|
Ferdig resultat. Kva synes de? |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar