mandag 2. april 2012

LYCKLIGA GATAN

Heihei. Korleis går det hos dåke? Her går det så utruleg bra for tida. Eg har endeleg blitt frisk igjen, og eg kjenner meg berre så mykje lettare. Eg må sei eg ler litt av meg sjølv om dagen, eg som var så redd for at me skulle bli mykje ueininge under oppussinga og sånn, ein høyrer jo så mykje rart. Men sannheten er den at me berre får det betre og betre for kvar dag saman, klisje som det gjerne høyres ut. Me har det så vanvittig kjekt med alt som skjer i huset, og så er det så kjekt at me er saman om det. Oss to! Radarparet <3

Idag har eg hatt ein lang dag på jobben, viktig å vera ajour no som det er påske og alt. Så eg kom heim i sekstida, og då stod guten og trippa med motorsaga i handa. Så han har kosa seg med den oppe i andre etasje no. Å, det er så kjekt. Thomas har altså saga ei opning fra gongen og inn i det rommet me sov i dei første månadane i huset. Me har jo planar om å få tre soverom der oppe, med eiga dør til kvart rom. Dagens løysing er at ein går gjennom loftstua (vårt kommande soverom), så inn på vårt noverande soverom, så derfra og inn på det forrige soverommet. Litt tusteleg spør du meg. Så for å få ei løysing på dette har me funne ut at det beste blir å forlenga gangen litt, og vips så er det eigen dør til alle rom. Det einaste minuset med det er at det eine rommet blir nokså lite, men det skal nok gå bra det og.


Det er ikkje enkelt å få bileta i riktig rekkefølge altså, men her er altså fra vårt noverande soverom, gjennom det me hadde før og inn i gangen.
Fra trappeoppgangen, inn i gangen og innpå det gamle soverommet.
Guten i gull gong.
Beundrer arbeidet så langt.
Sjå kor han KOSAR seg :)
Holet er ferdig for denne gong!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar