Hei alle saman! Det er snart helg igjen, langhelg for oss i Nygjerdet 10. Thomas skal til Oslo i helga, og eg skal sjølv ut på ein liten tur fra laurdag til sundag, så me har teke oss fri frå arbeid på mandag, og tysdag er det som kjent 1. mai. Så då får me eit par dagar saman då istadanfor, det blir fint :)
Imorgon får me den siste prisen på baderomsjobben, spanande. Dei to me har fått til no er omlag nøyaktig like, det skiller berre eit par tusen kroner. Ellers fekk me veta idag at baderomsmøblemanget vårt va komen fram, så det skal me henta på mandag. Så då har me iallfall vask, spegel og skap om ikkje anna.
Dei siste dagane har det ikkje skjedd så mykje, men Thomas er iallfall igong med sparkling i gangen. Det er noko me aldri har prøvd før, og eg synes det går ganske greit. Ikveld skal me leggja det siste strøket også blir det gjerne maling mandag og tysdag. Me har igrunn tenkt å berre bruke den same malinga me brukte i kjellaren me. Iallfall inntil vidare, så går det jo alltids an å male over med noko anna seinare.
|
Ganske bra til å vera nybegynner. |
|
Det ser iallfall likt ut som når fagmannen gjorde det i kjellaren. |
|
Flinke mannen! |
|
Haustver i Bergen idag, kva passar vel betre enn fine haustkrukker? Eg fekk desse av ei venninne igår <3 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar