torsdag 19. april 2012

SHOPPING

Eg tippar det er litt med hus som med born, når du får born, så handlar liksom det meste om bornet, inkludert shopping. Når ein shoppar, er det som regel alltid til bornet. No kan eg omtrent ikkje hugse sist eg handla noko til "meg" (joda, eg kan det altså!), men når eg shoppar no er det stort sett noko til huset <3 (Og sånn trur eg det kjem til å vera i nokre år framover, for me treng MYKJE greier til dette huset). Men poenget var iallfall, at det er så fantastisk kjekt å handle til huset. I love it!

Så, idag har me kjøpt baderomsinnreiing. Det kjennes fantastisk å endeleg vera igong, no manglar me berre resten. Men som eg nevnte igår så skulle me altså på messe idag, dei hadde 25% på baderomsinnreiing fra Linn-Bad sin "Ingrid"-serie, og denne serien er blant dei me har kikka på på internettet (og i magasin), så medan me stod der å kikka, så berre gjorde me det. Me kjøpte! (Hurra).

Det blir altså 2x60cm skuffer (fire skuffer tilsaman) med dobbelvask over, 2x60cm spegelskap med fire dører tilsaman og belysning over. Fargen blir kvit høgglans, så gjenstår det å sjå om fargen blir for hip og kul for Nygjerdet, eller om det lar seg gjera. Det vil nok helst gå bra!

Medan me var i shopping-mode tok me like gjerne turen ut på Coop Obs Bygg, Lagunen. Me hadde nokre småting me trengte derifrå, som til dømes; postkasse til leigetakarane, hageslange, sparkel og Owatrol (beis til døra i kjellaren). Så no har ikkje Thomas noko unnskyldning for ikkje å vaska bilen min snart! Knis.


Sjå kor fint! Me har berre kjøpt det i miden då, berre me skal ha to vaskar og fire skuffer istadanfor berre to. Men me er litt i tenkeboksen på om me kanskje skulle hatt den minste skuffeseksjonen ved sidan av og. Kva seier de?





Frøken handlar på Coop Bygg. Mitt rette element! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar