mandag 30. april 2012

LANGHELG

Ja, då var det mandag igjen, dagane flyr, men denne mandagen har eg og Thomas fri, veldig herleg. I helga var Thomas i Oslo med gutane og eg var i Stavanger med nokre vener, difor kjennes det godt å ha nokre ekstra dagar med helg, for det vart iallfall ikkje mykje søvn på denne jenta på tur.

Idag sov me litt lenge, det trongs. Men me har likevel allereie rukke å henta baderomsmøblemanget vårt, pussa og mala første strøk på veggen me har satt opp i gangen her og beisa ytterdøra i kjellaren. No er det tid for lunsj før me skal ein tur i fjellet, det er nydeleg ver her i Bergen idag, og det må berre nyttast. Ikveld får me besøk av ein kamerat av Thomas og eg har lova gutane heimalaga pizza og øl.


Mannen i aksjon! :)
Male-Berta :)
Kosar seg!

torsdag 26. april 2012

THOMAS GJER TING HAN IKKJE KAN

Hei alle saman! Det er snart helg igjen, langhelg for oss i Nygjerdet 10. Thomas skal til Oslo i helga, og eg skal sjølv ut på ein liten tur fra laurdag til sundag, så me har teke oss fri frå arbeid på mandag, og tysdag er det som kjent 1. mai. Så då får me eit par dagar saman då istadanfor, det blir fint :)

Imorgon får me den siste prisen på baderomsjobben, spanande. Dei to me har fått til no er omlag nøyaktig like, det skiller berre eit par tusen kroner. Ellers fekk me veta idag at baderomsmøblemanget vårt va komen fram, så det skal me henta på mandag. Så då har me iallfall vask, spegel og skap om ikkje anna.

Dei siste dagane har det ikkje skjedd så mykje, men Thomas er iallfall igong med sparkling i gangen. Det er noko me aldri har prøvd før, og eg synes det går ganske greit. Ikveld skal me leggja det siste strøket også blir det gjerne maling mandag og tysdag. Me har igrunn tenkt å berre bruke den same malinga me brukte i kjellaren me. Iallfall inntil vidare, så går det jo alltids an å male over med noko anna seinare.




Ganske bra til å vera nybegynner.
Det ser iallfall likt ut som når fagmannen gjorde det i kjellaren.
Flinke mannen!
Haustver i Bergen idag, kva passar vel betre enn fine haustkrukker? Eg fekk desse av ei venninne igår <3

mandag 23. april 2012

HAGEN

Hei alle saman! Då var det mandag igjen, og ein fin mandag har det vore. Det er veldig uvant og fantastisk deilig og innimellom ha ein ettermiddag utan nokon som helst planar. Eg laga supergod middag til oss etter jobb, grønnsaksgrateng med ovnsbakt laks, absolutt ein favoritt her i heimen :)

Kjøpte meg eit jentemagasin på butikken, og etter middag satt eg meg i sofaen, skrudde på tven og las i bladet mitt. Sov ein liten time gjorde eg og, men då eg vakna igjen kjente eg meg vanvittig rastlaus, så då bar det ut på joggetur gitt, det var så fantastisk forfriskande og herleg. Meir av det framover! Det er mange flotte vegar å jogga her på laksevåg, og idag gjekk turen opp i solheimsviken, ned på danmarksplass og så michaelkrohns gate heim igjen. Seks kilometer tilsaman ifølge min favoritt applikasjon på telefonen, RunKeeper.

Så over til overskrifta, det er mange som spør meg om me har hage, om den er stor og så bortetter. Eg tenkte eg kunne legga ut litt bilete av den idag då, det trur eg nemleg ikkje eg har gjort enda. Det er ikkje store plassen, men det passar oss igrunn utmerka, eg trur den er akkurat stor nok til at me skal greia å halda orden der ute.


Me draumer om å bytta ut desse steinhellene med noko som er litt meir estetisk vakkert, men ein ting om gongen, og det er absolutt ikkje øvst på lista. Ned trappa er inn til utleiedelen, opp trappa er inn til oss.
Det er fantastisk ope og nydeleg her. Eg elskar utsikta!
I sommar skal eg fjerne dette forsøket på ein hekk, å planta ein ny, fin og samanhengande ein.
Eg skal og fjerna alt dritet som står langs muren her. Eg meinar berre, hallo? hehe :)
Her har me hagen. Akkurat passe stor :)
Eg draumer og å fjerne desse rhododendroane (gi dei til pappa) og laga plen her. Det hadde vore koseleg!
Er de ikkje einige? :)
Så, det var litt av uteområdet vårt! Me har litt arbeid foran oss her og, men me gler oss til det! :)

søndag 22. april 2012

KNEKKEBRØD

Dei som kjenner meg godt veit at eg er over gjennomsnittet glad i knekkebrød. Lenge spiste eg Wasa sine knekkebrød med havre til kvart einaste måltid utanom middagen, og somme gonger til middag og faktisk. Favoritten er å ha mykje majones, skinke, ost, lauk og agurk på. NAM. Ellers er kokt egg, leverpostei eller salami og gjengangerar.

For ei stund tilbake fekk eg ei oppskrift av ei venninne, eg visste ikkje eingong at det gjekk an å lage dei sjølv eg, men det er dei beste knekkebrøda eg har smaka. Og ikkje nok med at dei smakar så godt, dei er og lav på karbohydratar og supersunne, i motsetnad til monge av dei ein kjøpar i butikken som er fulle av karbs.

Eg har ikkje laga desse sidan me flytta inn i huset, det har rett og slett berre ikkje blitt priorietert, men idag har eg laga meg nye og eg gler meg til å setja tenna i dei.

Du treng:

2dl sammalt grov rug.
2dl sesamfrø
2dl havrekli
2dl solsikkekjerner
1dl linfrø
1dl krusakli
2ts salt
7dl kaldt vatn

Ein blandar det saman i ei bolle og lar det svelle i cirka tjue minutt.

Sett ovnen på 180 grader, varmluft. Medan ovnen blir varm tar ein ut tre steikebrett og legg på bakepapir. Så smører ein eit tynt lag på kvart brett (eg brukar ein gaffel til å smøre med, det kan vera litt knotete i byrjinga)

Knekkebrøda skal stå i ovnen i tilsaman femti minutt, men etter ti minutt må ein ta ut kvart brett og lage ruter i ønska storleik (eg bruker pizzahjul til dette), då blir dei enklare å knekke opp etterpå.

Avkjølast på rist.
Dette treng du!
To av dei tre bretta klare for steiking.
Alle tre bretta inn i ovnen samtidig, det kan vera at ein må steika brettet i midten litt lengre enn dei to andre, det er iallfall mi erfaring.
Ferdig resultat. Ein-To-Tre-Nyt :)

NY VEKE, NYE MOGLEGHEITAR

Men sundagen er ikkje over enda, og godt er det! Igår hadde eg besøk av tre kjekke jenter, me kosa oss med litt godt i glaset, gøy musikk og ein tur på byen. Veldig koselig. Eg elskar å ha besøk av folk i det fine huset mitt <3

Skal innrømma eg var litt groggy då eg vakna idag, men me har fått gjort litt idag likevel. Thomas vaska bilen min igår, flinke guten, skifta til sommardekk på den gjorde han og (ikkje sjølv altså), så idag har eg støvsuga og vaska den innvendig, det var på høg tid, for å sei det sånn. Medan eg gjorde dette, så var guten på andre sida av huset og beisa døra inn til kjellaren, den var så tørr og fæl, men no ser den bedre ut enn nokon gong!

Resten av kvelden blir vel tilbragt i sofaen, litt fotball på TV-apparatet og litt godis i skåla.


I full gong!
Det er plass til meg i bagasjerommet!
Thomas saga ned ein busk med den nye motorsaga si i forrige veke.
Før.
Etter.
Under.  :)

torsdag 19. april 2012

SHOPPING

Eg tippar det er litt med hus som med born, når du får born, så handlar liksom det meste om bornet, inkludert shopping. Når ein shoppar, er det som regel alltid til bornet. No kan eg omtrent ikkje hugse sist eg handla noko til "meg" (joda, eg kan det altså!), men når eg shoppar no er det stort sett noko til huset <3 (Og sånn trur eg det kjem til å vera i nokre år framover, for me treng MYKJE greier til dette huset). Men poenget var iallfall, at det er så fantastisk kjekt å handle til huset. I love it!

Så, idag har me kjøpt baderomsinnreiing. Det kjennes fantastisk å endeleg vera igong, no manglar me berre resten. Men som eg nevnte igår så skulle me altså på messe idag, dei hadde 25% på baderomsinnreiing fra Linn-Bad sin "Ingrid"-serie, og denne serien er blant dei me har kikka på på internettet (og i magasin), så medan me stod der å kikka, så berre gjorde me det. Me kjøpte! (Hurra).

Det blir altså 2x60cm skuffer (fire skuffer tilsaman) med dobbelvask over, 2x60cm spegelskap med fire dører tilsaman og belysning over. Fargen blir kvit høgglans, så gjenstår det å sjå om fargen blir for hip og kul for Nygjerdet, eller om det lar seg gjera. Det vil nok helst gå bra!

Medan me var i shopping-mode tok me like gjerne turen ut på Coop Obs Bygg, Lagunen. Me hadde nokre småting me trengte derifrå, som til dømes; postkasse til leigetakarane, hageslange, sparkel og Owatrol (beis til døra i kjellaren). Så no har ikkje Thomas noko unnskyldning for ikkje å vaska bilen min snart! Knis.


Sjå kor fint! Me har berre kjøpt det i miden då, berre me skal ha to vaskar og fire skuffer istadanfor berre to. Men me er litt i tenkeboksen på om me kanskje skulle hatt den minste skuffeseksjonen ved sidan av og. Kva seier de?





Frøken handlar på Coop Bygg. Mitt rette element! :)

onsdag 18. april 2012

BADEMESSE

Hei alle. Det er ingen tvil om at det er bad det går i hos oss for tida. Men det er jo så spanande og. No ventar me kjempespente på svar frå dei to siste me hadde på befaring, og i mellomtida tenkte me å ta turen på baderomsmesse.

Eit lokalt firma, Oswald Jørs, skal ha messe imorgon, heilt fram til klokka ti om kvelden. Dei har jo kontor rett nede i vegen her, så då må me nesten ta turen å kikke litt.


















Me er veldig einige om korleis me ser for oss innreiinga, og eg har funne eit bilete av den typen me ser etter. Som der ser over her så er me ute etter noko enkelt og fint. Det blir ikkje slik spegel då, me vil gjerne ha skap bak spegelen, og det er det ikkje her. Men kva synes de? Passer dette inn i Nygjerdet 10???


mandag 16. april 2012

IKEA, SKEIDAR OG LIVING

Idag har me vore ute på vift, og målet var nytt spisebord. Vel, for å gjera ein lang historie kort så kom me altså heim tomhendte. Det var dyrare enn me hadde trudd med bord, og dei me fann som me likte var godt utanfor det me hadde tenkt.

Det er faktisk og skikkeleg vanskeleg å finna ut om det kan passe inn i heimen, alle dei borda me likte var i heilt feil farge og, hehe. Sånn kan det gå.

Men bord har me ordna oss likevel, eg har ei tante som har eit bord til overs, eit skikkeleg fint bord, plass til seks stk og me to ekstra plater. Trur faktisk fargen vil passe greit inn her og, men det veit me ikkje før det er på plass. Så alt ordnar seg :)

Imorgon skal me ha siste befaring på badet, så då gjeld det berre å venta i spenning på tilboda dei har å komme med. Juhuu!
Her sitt me på Skeidar og testar ut bord!

søndag 15. april 2012

RYDDEDAGEN

God dag! Då var det jammen sundag igjen, vekene flyr så fort for tida. Det har vore ei strålande helg, som vanleg. På fredag var me på kino og såg Titanic i 3D, det gjekk heldigvis betre for meg denne gongen enn sist eg såg den, då var eg tolv år og synes det var det verste eg hadde sett nokon sinne. Eg har faktisk ikkje greid å sjå den om att nokon gong i etterkant, eg var heilt traumatisert. Men no, trettan år seinare, så var eg berre nødt å prøva. Og det gjekk heldigvis bra!

Igår stod eg opp tidleg og tok ein tur i fjellet saman med Marith og Gjøa. Ein fantastisk tur med enda meir fantastisk selskap. Etter det var det bursdagselskap på menyen, og det er alltid så kjekt. Eg elskar familiegreier og denne gongen vart jaggu Thomas med og, då er det jo ekstra kjekt. Masse gode kaker og det som er.

Idag har eg vore ein tur hos dei beste besteforeldra, der mamma og var. Eg er glad for at eg har litt familie her i byen og at mine foreldre til stadighet tek turen over fjorden. Eg har ikkje vore heime på Stord sidan jul faktisk, men heldigvis har eg sett mykje til familien likevel, då dei ofte er her.

Og over til overskrifta, idag har me RYDDA her heime. Me har hatt eit rom oppe der me har hatt så og seie alt av bruksting, som baderomsartiklar, handdukar, klede, vesker, sko, skittenklede, tørkestativ osb. Me har og hatt ikkje mindre enn to gjestesenger her inne, pluss nokre dører me har hekta av i samband med oppussing. Idag var eg berre nødt å få gjort noko. Så eg byrja berre i ein ende, og synes resultatet vart ganske bra. Fekk dørene og sengene over i det gamle soverommet me hadde. Det hjalp veldig. Satt nokre ting opp på loftet og reorganiserte i resten.

Denne helga har eg fått lada batteria og er meir utkvilt enn eg har vore på lenge. Ellers kjenner eg at eg gler meg til ei ny veke, me har masse kjekke planar, så det er berre å følgje med!

Mi side av klesrommet vårt, det er dette som ein gong skal bli "Walk-in closet" for oss begge, korleis skal me greia å få plass? hihi :)
Og Thomas si side, her me skal ha soverom når me kjem så langt. Døra i enden her går inn til det me brukar som soverom no. :)

lørdag 14. april 2012

BEFARING

Ja, då har me hatt ein ny befaring og fått pris på den forrige. Befaringa gjekk veldig fint, og han som var her virka veldig triveleg. Han hadde litt andre løysingar og idèar enn han som var her sist, og det er spanande og høyra kva dei forskjellige har å sei. Det dei har vore einige om er at det er ein "omfattande" jobb, kva no enn det vil sei.

Befaringa me skulle hatt på torsdag vart utsatt grunna sjukdom, så dei kjem att på tirsdag. Typisk at det alltid kjem på dei dagane eg jobbar dobbelt, men eg skal prøva å jobba inn litt på mandag, så kan eg gå tidleg fra Bergen Energi tirsdag. Det går nok bra :)

Når det kjem til prisen på badet så visste me jo at det kom til å bli dyrt, men me tykkjer den første prisen me fekk var noko høg. Nesten som ein kan undre seg om dei eigentleg ikkje vil ha jobben. Det blir veldig spanande å sjå kva pris dei andre gir, om det er vesentleg forskjell eller ikkje. Alle dei ulike fagmenna har laga ei oversikteleg liste over kva dei har prisa. Det skal jo inn røyrleggjar, snekkar, murar og elektrikar, det er heilt klart røyr-beten som skillar seg ut reint prismessig, men det er jo som dei seier, "ein omfattande jobb".

Igår hadde me den eine nye leigetakaren inn for kontraktsignering. Det gjekk veldig greit og det kjenns utruleg godt å ha signert papira. Dei planlegg ikkje å flytta inn på skikkeleg før i august, men det er litt artig at dei hadde så lyst på leilegheita at dei er villig til å betala sommarmånadane og, sjølv om dei ikkje skal vera i Bergen nokon av dei. Så får me berre håpa at dei vil trivast like godt her i Nygjerdet som det me gjer.

Sånn heilt på tampen kan eg jo leggje til at eg no har sagt opp jobben min på Rema 1000, det blir rett og slett for mykje å halda på sånn i lengda, og når me får inn pengar fra kjellaren så skal nok hjula gå rundt utan Remajobben. Så då skal eg jobba der fram til utgongen av Mai, og eg kan ikkje få sagt kor eg gler meg til å få litt betre tid att, sjølv om det skal seiast at eg er veldig takknemleg for at eg fekk komma tilbake og det har vore veldig kjekt! :)
Det byrjar å bli vår her i Bergen no, endeleg.
Meg, skal straks avgårde i bursdag:)

onsdag 11. april 2012

11042012

Heihei! Eit par dagar sida sist no, eg veit det. Litt travle dagar innimellom. Igår var det korpsdag, før øvelsen starta fekk eg tid til ein kaffi (les: cider) med ei venninne, skikkeleg koseleg. Altfor lenge sidan sist, men sånn blir det så lett, dessverre. Me hadde mykje å ta att, og det var berre såvidt eg greide å rekka korpset.

Eg fann ut eg skulle GÅ til byen igår. Synes det er så bortkasta pengar å betala for parkering no når eg trass alt bur ganske nært. Så kan eg kjenne meg litt miljøvennlig innimellom eg og. Det eg hadde gløymd var rett og slett at når det regnar ute, ja, då blir ein VÅT. Og ikkje så reint lite heller, eg såg ut som ein drukna Cath når eg kom fram. Heldigvis litt meir heldig med veret på vegen heim att, pluss at eg hadde sneke til meg ein paraply og då. Men forfriskande var det, og eg tenkjer å halde fram med dette, så sant veret kan tillate det. Skal jo ærleg innrømma at eg har blitt ein smule lat etter at eg fekk bil for eit år sidan. Trying.to.change.back.

Idag var eg på posten å henta ein pakke, inni den var det fire nye stoltrekk til spisestuestolane våre. Me har hatt to lyse/beige og to grå. Dei nye var brune <3 og passar så fint inn i huset. Skikkeleg fine var dei. No kjennar eg at eg gler meg til å kjøpe nytt teppe og spisestuebord og. Tenk så fint det blir :)


Eit av dei gamle trekka.
Det nye :)

Fin tekstur på stoffet og. Me like! :D

mandag 9. april 2012

PÅSKA ER OVER

For denne gong iallfall. Påskeegget er spist opp og kvardagen ventar. Den siste dagen i ferien har eg brukt på å vaske litt i huset, og på ein tur opp Lyderhorn. Sjølv om det er litt regn i lufta og grått som berre det er det alltid godt med ein tur opp i fjellet.

Eg har jo som sikkert mange andre greid å snu døgeret litt i desse påskedagane, så eg er spent på om eg i det heile tatt får sove inatt. Eg prøvde å stå opp "tidleg" idag, og har gått å geispa heile dagen, men så sovna eg sjølvsagt på sofaen isted, etter middagen. Typisk det, hehe.

Det har vore ei flott påske, skikkeleg godt å slappa av litt. Så no er me klare for nye, travle veker. På Torsdag er det ny befaring i samband med badet og på fredag skal me skriva kontrakt med leigetakarane. Spennande! :)


Påskeblomane har overlevd heile påska! Det er ikkje verst berre det :)

søndag 8. april 2012

PÅSKEDAG

Heihei alle saman! Idag er det 1. Påskedag, eller noko slik. Det er så herlig med fri, eg kan ikkje få sagt det. Hadde ein super dag igår, først nokre timar på Rema 1000, så heim å kvile litt før det bar avgårde på sushi og film saman med ei venninne. Tok meg ein tur innom Onkel Lauritz der Thomas var og, så gjekk me heim saman. Det var faktisk ein veldig fin gåtur det, eg har ikkje gått til/fra byn enda, men no har eg gjort det, og me brukte omlag tjue minutt.Akkurat passeleg.

Idag sov me lenge, nesten litt for lenge, men der er trass alt ferie og då må ein jo unne seg litt. Etter frukost greide eg faktisk å lura med meg guten opp på fjellet, det er ikkje kvardagskost det. Men for ein fin tur det var, me gjekk Stoltzen idag og, med litt mindre is enn sist. Me brukte faktisk fem og eit halvt minutt mindre denne gongen enn eg brukte på fredag, så det var jammen framgong. Eg er imponert over Thomas då, som ikkje trenar så mykje, det er ein ganske tung tur det der :)

Ellers har Thomas fiksa ein kosmetisk ting her i heimen. Det er ei skyvedør som skiller kjøkkenet og spisestua, den er stort sett open heile tida, så somme gonger gløymer eg at ho i det heile tatt er der. Men iallfall, over denne har skinnene vore synlege, ikkje særlig fint eigentleg. Så no har Thomas fått satt opp nokre plankebitar og eg må sei, det vart skikkeleg bra. Flinke guten!
(Sjå gjerne vekk ifra alt rotet) Her over inngongen til kjøkkenet, eg gløymte å ta eit "før" bilete før han fiksa det.
Her er døra igjen, Sjølv om den nye planken ser litt kvitare ut enn reste, så er det veldig fint i verkelegheita.
Så eit bilete av kjærestar på tur :)

fredag 6. april 2012

TANKAR OG TEIKNINGAR

Det eine firmaet som har vore her på befaring i samband med badet har laga nokre teikningar av det. Ein slik det er idag, og ein slik me tenkjer at det skal bli.

Me har lyst på vegghengt klosett (me føler begge at det er litt meir hygienisk), dusjnisje og ein dobbelservant. I utgongspunktet hadde me og tenkt litt på badekar, men me innser at det kanskje blir vanskeleg å få til. Med tanke på eventuelle framtidige born kunne det gjerne vore praktisk, men folk greier seg jo bra utan og, så me kjørar på utan i første omgong, så får me sjå korleis det går.

Eg har veldig lyst på ein enkel baderomsinnreiing, utan for mykje skap og sånn. (Ja, eg veit ein treng skapplass på badet, men eg veljer å sjå vekk i fra det). Me har funne utruleg mykje fine løysingar og me er heldigvis veldig einige om kva me ønskjer. Dobbelservant, med fire skuffer under og ein stor spegel over. Bakom spegelen skal det vera skåp. Eg liker best reine flater og må ha ein plass å setje vekk alt smågreier, som til dømes tannbørste, deodorant og parfyme.

Ellers tenkjer me lyse, store fliser på veggar og mørke på golv, me har funne nokre fliser me liker godt, men me må enda sjå oss godt om. I dusjnisja vil me bryte av flisene med noko litt kult på den eine veggen, men me har ikkje heilt funne ut kva enda, kanskje noko mosaikkfliser i ein eller anna farge, det tykjer eg er så fint.

Dette badet vårt skal også bli vaskerom, pluss at me må ha ein varmtvatnstank her oppe og, det har me iallefall blitt anbefala. Me har jo ein 200 liters dunk i kjellaren. Men den blir gjerne litt liten for alle å dela på med tida. Eg la jo ut bilete igår av den delen av badet som skal innehalde dette, eit praktisk innhugg i rommet som eingong i tida var spisskammers. Her er det idag akkurat 130 cm langt, og er me heldige greier me akkurat å få plass til vaskemaskin/tørketrommel i den einehalvdelen (stablar i høgda, evt kombi) og VVT i den andre halvdelen etter at veggane er ferdig.

Me har framleis mykje å planlegge, men eg føler me er godt igong. Eg er så takknemleg for at Thomas og synes det er kjekt å velje ut innreiing, fliser og det som er, og at han faktisk bryr seg om korleis det skal bli han og. Alt er så mykje kjekkare når me begge er engasjert. Ingen tvil om at eg har skutt gullfuglen <3

Her kjem teikningar: før og etter :)
Slik ser det ut no, det er altså to rom, eit kjøkken og eit lite bad.
Og slik ser me for oss at det skal bli. Stor dusj, toalett i hjørnet. Dobbelservant, ingen skap. Og vaskemaskin/VVT inn i "spisskammerset". Nokon som trur dette blir bra?? Eller nokon som har noko anna ide??:)

STOLTZEKLEIVEN

Noko av det finaste med Bergen er alle fjella her. Då eg budde i sentrum brukte eg ofte å gå opp Fløyen eller Stoltzen, som er veldig sentrumsnære, utruleg fint at det er så kort veg ut av bykjerna og opp i fjella. Ellers bruker eg og innimellom å gå Løvstakken, Lyderhorn og ikkje minst Ulriken.

Det er jo utan tvil Ulriken som er den absolutte favoritten, men eg trur det er litt snø der oppe enda, så valet mitt falt på Stoltzen idag. Eg har faktisk ikkje gått der sidan eg var med på Stoltzen opp i September, så det var absolutt på tide no. Eg har forresten meldt meg på i år og!

Det tok si tid opp i dag, men det plar vera ganske tungt den første gongen for sesongen. Eit eksempel på det er jo stoltzen opp ifjor, då var løypa stengt for oppgradering heilt fram til veka før løpet, då gjekk eg meg opp nesten seks minutt berre på ei veke. Eg bruke vel 25 minutt opp første gongen, og under løpet gjekk eg på rett i underkant av 20. I år har eg jo satt meg som mål å gå den på 17. Vel, me får sjå korleis det går! Ein må berre begynna tidleg, og eg er jo allereie igong no. Dersom eg er skikkeleg flink greier eg å gå eit par gonger i veka heilt frammot løpet som jo ikkje er før i September, då bør jo 17 minutt vera innanfor rekkevidde. Eg trur min personlege rekord opp Stoltzen er rett over 18 minutt, men det skjedde berre ein gong, på ein særdeles god dag!

Det var i allefall ein nydeleg tur, været her er upåklageleg idag, men litt kaldt var det jo på toppen, eg var ikkje heilt forberedt på at det skulle vera så mykje is på toppen, eg gjekk ned Skreddardalen og det var jo ein leik med livet det første stykket. Heldigvis vart det betre etterkvart og eg kom meg ned i ein bit.

Litt snø og is på toppen.
Eg kosar meg!
Inngongspartiet i Stoltzen var HEILT forandra sidan eg gjekk sist, tykkjer den hadde mista ein del av særpreget sitt eg altså, men det kom seg heldigvis når eg kom litt opp i løypa.
Glad jente på veg ned.
Det er så sinnsjukt flott på toppen. Eg blir glad!
Lurar på om eg kjem til å overleve turen ned Skreddardalen.
For det såg slik ut, og no var eg forbi det alle verste partiet. Men det gjekk fint :)