Det er blitt nokre dagar sidan sist, det har nemleg vore litt travelt. På laurdag var meg og Thomas først i familieselskap, så var det duka for jentejulebord heime hos meg etterpå. Det er lenge sidan eg har vore så mett, men med så mykje god mat er det vanskeleg å stoppe. Det var utruleg kjekt å samle jentene iallfall, det er ikkje så ofte me får tid i desse travle dagar.
På sundag baka eg og ei venninne julemenn og pepperkaker, herrefred kor kjekt det var. Me hadde julemusikk i bakgrunnen og stemninga var rett og slett på topp, litt mykje deig-spising vart det, men det er vel lov? Så no har eg faktisk FIRE sortar med julebakst, kjenner meg nøgd med det, eg har faktisk vore med å laga alle saman og. Det er faktisk mange år sidan sist eg baka julekaker, hadde heilt glømt av kor mykje stemning ein kan få av det. Dei siste åra har det vore så himla travelt foran jula og det einaste eg har rukke er dei vanlege marsipankulene eg og mamma trillar på vetlejulafta.
På mandag hadde Thomas siste eksamen og det feira me med å handle julegåver, så no er me så godt som ferdig med dei og ikveld skal me kosa oss med å pakka dei inn med julekaker på fatet og julemusikk i bakgrunnen. Som eg gler meg, er det noko me kan så er det jo å kosa oss :)
Eg har faktisk berre fire dagar att å jobbe før juleferien eg, det er sprøtt. Og etter jula er det berre fire veker før eg skal ut i permisjon, og det er iallfall sprøtt. Tida går så himla fort!
Koseleg med litt snø på trea ute. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar