tirsdag 4. desember 2012

OPPDATERING

Då har me fått bekrefta at vannrøyra som leder opp til vaskemaskinen har fryse, det var mildt sagt keisamt. Den gode nyhenda er jo at røyret ikkje har sprukke iallfall, og no er det tina opp igjen så me er back in business. Men det er jo absolutt ikkje noko kjekt om dette skal vedvare, så ei eller anna løysing må vel til på sikt.

For no har me fått beskjed om å køyre vaskemaskinen ofte slik at det ikkje rekk å fryse på, så får me komme oss gjennom denne vinteren med det og satse på at det ikkje er -10 grader så veldig mykje lenger.

Guten har eksamen imorgon, så eg og pusane gøymer oss oppe slik at han får litt lesero. typisk var det jo at pusane har dratt ut kontakten til omnen inne på soverommet idag, og med -10 grader ute var det mildt sagt kaldt inne og. Så no har eg hutra fullt påkledd under dyna i nokre timar og endeleg byrjar temperaturen å komme seg. Heldigvis har eg to varmer pusar i fanget, det hjelp jo på varmen det og.

Arbeidsveka er nesten over for min del, skal berre opp å jobbe nokre timar på torsdag, og i helga kjem mamma og pappa til Bergen, GJETT om eg gler meg? Å, det skal bli kjekt! På laurdag skal me i selskap me heile familien min på mamma si side på dagen og på kvelden kjem jentene heim til meg på jentejulebord, som faktisk blir det einaste julebordet eg skal på i år. Ei flott helg i vente med andre ord. Og på mandag skal me ringa jula inn på skikkeleg her i Nygjerdet med julegaveshopping og juleverkstad i heimen. Det er snart jul folkens, berre 20 dagar att :)

Søte pusen <3

Og ho her då, Frøken Pose! :)

Eg hugsar ikkje om eg har blogga dette biletet før, eg har vel kanskje det. Nye sofaputer og nytt pledd og fine stjerner i vindauget. Jul <3 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar