mandag 17. desember 2012

JULETRE

Det er mandag og starten på den siste veka før jul. Me nytta tredje sundag i advent til å pynte juletre me, plast-treet vårt. I min barndom synes eg alltid at me hadde så kjipe lys på juletreet, for farmor og farfar, dei hadde lys med ulike fargar på. DET ville eg og ha. Men eg fekk det aldri. Så i år har eg fått arva dei gamle julelysa etter besteforeldra mine, og dermed har me det kulaste treet i gata, utan tvil.

Det er jo eit under i seg sjølv at kattane ikkje har tatt livet av treet allereie, dei trudde jo først at dei hadde fått seg nytt klatrestativ og dei var aldri så nøgde. Men eg har lært dei at dette ikkje var tilfelle. Men så kom det kuler på, og då er det iallfall ikkje enkelt å halda potane unna. Då me gjekk på jobb idag måtte me beint fram lukka att til ståva og heller la dei gå i gangen og oppe idag, godt det er god plass her i huset, og mange dører.

Ellers har eg vore på svangerskapskontroll idag, er ganske ofte på kontroll eg, mykje oftare enn nokon andre eg kjenner. Men eg klagar ikkje på det. Det kjekkaste eg veit er å få høyra hjarta til den vetle <3 Alt stod bra til og eg fortsett med femti prosent arbeid nokre veker til. Eg er altså 31 veker på veg idag, det er heilt sprøtt altså. om to månadar kjem det ein liten baby :)

Legg ved nokre bilete av Jula som er komen i Nygjerdet 10!

Juuuuuul :)

Gøy med fargelys!

Pepperkaker i krukka!

Kakemenn i boksen :)

Kanskje ikkje heilt jul, men eg har iallfall prøvd å pynte litt på kjøkkenet :)

Julestemning!

Ingen kan vel sjå at dette ikkje er Edelgran ? :P

2 kommentarer:

  1. ja det var god gammeldags julestemning! Synes mange unge idag skal ha det så minimalistisk atte, men ikke her nei.Ikke rart pysene er helt i hundre .God Jul!,fra kosvik

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, aller helst skulle eg hatt både flagg og glitter og på dette treet, men det trur eg ikkje kattane hadde greid å halde seg unna, så det får bli neste år det då :)

      Slett