Tenk at me er i Desember allereie? Tida flyr. Idag er det tid for å starte nedtellinga til jul, for dei aller fleste skjer dette i form av julekalender. Det er ikkje noko unntak i vårt hus, men noko dyr og kravstor pakkekalender er det nok ikkje, personleg er eg litt imot denslags då eg meiner me får nok i jula, om me ikkje skal forvente 24 kreative gåver FØR jul i tillegg? Her i heimen er det nemleg ein flaxkalender og ei appelsin med nellikar i som får ta seg av nedtellinga, kanskje me vinn 500 000? Det hadde vore ei fin gåve det frå Norsk Tipping :)
Ellers har me hatt ein roleg laurdag, stod opp tidleg, spiste god frukost og tok oss ein tur ut på barnas hus. For ein tolmodig mann eg har, som blir med meg ut der for å kikke på babyting heile tida, hehe. På vegen heim var det vekeshandlinga som stod for tur, godt å få fyllt opp kjøleskapet litt igjen, så har me mat denne veka og. No er Thomas ute på kontoret for å gjer litt skulearbeid, han har første eksamen på mandag, flinkingen. Eg er heime og har vaska og rydda litt i heimen og no er det snart tida for å starte på middagen. Biff som står på menyen her ikveld :D
|
Me har fått nye sofaputer, noko som sjølvsagt betyr at Blacky har fått seg ny favorittplass :) |
|
Medan Flushy framleis kosar seg på pleddet til ho mor. |
|
Her er det berre til å skrape i veg, ei luke om dagen! Og julestemninga kjem iallfall av nelliklukta, det er sikkert og visst :) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar