Så no har me stellekommode med matte, vogn med vognpose, vugge, vippestol og sjølvsagt mykje andre småting som litt klede, lammeskinn dyne/pute sengetøy osb. Det me manglar av store ting no er bilsete, badebalje med stativ og seng, heldigvis har me jo enda litt tid på oss. Så manglar me eindel klede og, men me får sjå om nissen kjem med noko før me går til innkjøp av noko meir der. Det gjekk opp for meg eindag at eg berre har kjøpt bodyar, men babyen treng vel noko som dekker beina og? Og sidan den kjem i februar så er det kanskje ikkje så dumt med ein litt varm dress til å ha på når me skal køyre bil og sånn. Det ordnar seg nok.
Eg las faktisk her ein dag på internettet at før var det vanleg at "far" kjøpte inn alt av utstyr medan mor låg på fødeklinikken. Før så var jo dei fleste litt lenger på klinikken enn det dei er idag, og det var vel litt betre tid til å ordne alt medan ein venta. Men likevel, det er jo så kjekt å handle inn, og kontrollfreak som eg er hadde det vore vanskeleg å overlata alt til Thomas, sjølv om han sikkert hadde ordna opp :)
Den er veldig fin, med hjul og det heile. |
Gler meg til det ligg ein liten baby oppi her <3 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar