lørdag 22. desember 2012

MARSIPANKULER

Hei hå alle! Det er to dagar til julafta og her i heimen er det sjukdom som rådar. Thomas har blitt skikkeleg slått ut stakkar, vonar han blir betre til mandag. Førebels har det ikkje kome nokon symptom hos meg, eg satsar på eg slepp unna. Før fyrste gong valde eg faktisk å ikkje sove på samme rom som Thomas inatt, alt for å sleppe å bli sjuk, så eg og pusane låg på gjestesenga. Koseleg det og, sjølv om eg vakna eit par gonger av at gråpusen slevde i andletet mitt, hehe, ho er sånn passe kosete kan ein sei.

Vel, la oss gå til hyggelegare saker, nemleg marsipan! Å, det er så GODT. Det var nokre år der mamma baka alle sju slaga saman med meg og min bror, etter ei stund mista me interessa for alt fra berlinerkransar til kakemenn, men ein ting forblei tradisjon og kvar vetlejulafta lagar me marsipankuler. Uansett kor seint eg har kome heim fra Bergen så tek me oss alltid tida til det. Koselegaste juletradisjonen eg veit om. Så i år har eg trilla kuler her heime, heilt aleine, det er ikkje akkurat det samme for ein del av kosen er jo sjølvsagt selskapet. Men det var slett ikkje utriveleg, og godt selskap har eg jo i dei fine pusane som sitt på stolen ved sidan av meg og følg ivrig med på det matmor gjer på.

No har eg satt kulene i kjøleskapet med eit ønske om at sjokoladen skal størkne superkjapt sånn at me (les:meg, Thomas likar ikkje marsipankulene mine) kan kose oss med dei saman med filmen me skal sjå straks: Heime aleine. Det er ikkje skikkeleg jul før begge heime aleine filmane er sett, love actually må og sjåast og sjølvsagt Tre nøtter til Askepott og Reisa til Julestjerna. Dei to sistnemnde har pappa laga på DVD til meg, snillingen, så i år skal me setje klokka på litt tidleg på julafta så me rekk å sjå Askepott før me sleng oss i bilen og reiser heim til Stord :) Gler meg skikkeleg til julafta no kjenner eg!

Nammenam!!! :D

Det blei ikkje så mange som det plar bli, det gjekk litt i kokka undervegs... ehee :P

1 kommentar:

  1. De ser helt ok ut de der, det pleier vel egentlig ikke å bli så mange flere på brettet ditt :)I år er det broren din som skal trå til med kulene, Det blir en eller annen gang i løpet av dagen. Vi må jo ha julekuler til deg når du kommer.

    SvarSlett