Hei alle! Då var det helg att for min del, klagar ikkje på det. Som nemnt kom mamma og pappa til Bergen idag, og me hadde invitert dei på middag her hos oss. Det var berre heilt fantastisk koseleg, eg er bare så himla familiekjær, hehe.
Mamma hadde med seg litt ting til babyen, ho har kjøpt ein del klutar av diverse slag, litt bodyar og så har ho strikka litt. Eit hentesett og ein "Mariusdress" for å vera spesifikk og begge deler er berre heilt nydeleg. Så no har eg fått litt fleire ting i kommoden til babyen og eg gler meg meir og meir for kvar einaste dag som går til den vetle kjem. På mandag er det berre 10 veker att. Hurra! :)
|
Sjå berre her kor nydeleg? Eg er heilt imponert!! Tusen takk mamma <3 :) |
|
Og slik ser eg ut idag, magen den veks og den veks! :) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar