Det har jo vore nesten åtte minusgrader her idag, og det var ganske kaldt igår og inatt også, og røyra til vaskemaskinen og varmvatnstanken går jo mot yttervegg så det er absolutt ein moglegheit at det er nettopp dette som har skjedd. Me har kontakta Oswald Jørs og dei kjem for å sjå på saken imorgon, så er det berre å krysse fingrane for at ein slepp å opne opp veggane igjen.
Det er jo så utgjort at alt dette skal skje midt i eksamenstida til guten og. Først dette med taket på uteboden og no dette. Første eksamen er iallfall unnagjort og det gjenstår berre to. Om ei veke er han ferdig og det er me fleire her i heimen som gler oss til :)
Ellers har eg og mini vore på kontroll idag, alt ser veldig bra ut med den vetle i magen, heldigvis :) Hjarta slo 144 slag i minuttet idag, alle gongane eg har høyrt hjartelyden (heile 8 eller 9 gonger no) har den slått mellom 140 og 152 slag, og skal ein følge kjerringråda så tyder dette på at det er ei lita jente som gøymer seg inne i magehuset. Det blir så spanande og sjå, og det er så kjekt å gjette.
Me får prøve å nyte resten av kvelden her i Nygjerdet, så følgjer ei oppdatering på badet imorgon!
Her serde problemet, veggen i innhugget her er nemleg yttervegg, og det er ikkje lagt inn isolajson bak røyra. |
Det vakre baderommet vårt <3 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar