lørdag 15. desember 2012

JUL I NYGJERDET

Ja, me prøvar å lage litt jul her i heimen, sjølv om kattane går laus på det meste av julepynt :) Igår hadde me oss ein tur på IKEA, handla inn siste rest til julagavene, og då me likevel var ute i Åsane tok me turen på Chlas Olson og. Der fekk me med oss julelys til Sypressen ute og jammen meg eit juletre til å ha inne og.

Så idag har me hatt ein lang morgon med god frukost før Thomas tok med seg pusane og gjekk ut for å henge opp julelys. Ingen tvil om at kattane likar å vera ute, dei blir alltid heilt i HUNDRE etter å ha vore ute litt. Idag fekk dei gå litt inn og ut som dei ville i omlag ein halvtime. Eg trur dei synes det er greit å vite at dei kan gå inn om dei vil, men så vil dei ut att med eingong :)

Juletreet er og montert, men me har ikkje noko pynt til det enda, så førebels berre står det her. Mamma og pappa kjem til Bergen imorgon eller mandag så dei skal ta med seg litt som dei har ekstra. Praktisk for oss :) I tillegg skal dei ta med seg ei vugge til babyen som eg skal få låne av ei kusine på Stord, så det kjem på plass litt og litt her no med tanke på babyen og. To månadar att no! :)

Det er ikkje enkelt å få noko bra bilete av pusane, for dei held seg ikkje mykje i ro ute :)

Blacky lurte på kva matfar gjorde på.

Han hang opp lys :D

Julestemning :)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar