Jula i år skal feirast på Stord, i år igjen. Me reiser heim på julafta denne gongen, og det blir fyrste gongen i mitt liv at eg ikkje vaknar saman med familien på julafta, og fyrste gongen på så lenge eg kan huske iallfall at eg ikkje vaknar heime på Stord. Men me har ikkje lyst å vera så lenge vekke fra pusane, så då får det bli sånn dette året, så kan det jo kanskje vera kjekt å starte med litt eigne tradisjonar og, me er jo faktisk ein liten familie her no <3
Den siste julegåva er handla inn idag, me er offisielt ferdige og det kjennes godt. Imorgon må me handle inn litt meir innpakningspapir så får me pakka inn dei siste gåvene og så kan jula i grunn berre komme. Mi julegåve fra Thomas kom tidleg i år, eg var hos frisøren i går og det var på tide for å sei det sånn. Eg har ikkje farga håret sidan før eg vart gravid, og det er faktisk sju månadar sidan.
Ellers er alt vel med oss alle her i heimen, og idag er det akkurat to månadar til termin. Me gler oss <3
Eg tør nesten ikkje tenka på kor stor eg kjem til å vera om to månadar :P |
Som eg gler meg til å finna ut kven som gøymer seg her inne <3 :) |
Kjekt at du har gjort dette enklere for kløner:) godt ned julefred i heimen. Vi er klare til besøk. Skal bli koselig. Du er lekker der du står, kjempeflott:)
SvarSlettJoda, eg visste ikkje at eg kunne endre det sjølv, men så las eg på ein anna blogg her om dagen at ho hadde skrudd det på, så då tenkte eg at det må jo gå an å skru det av og :P To dagar igjen no, så kjem me :D
SvarSlett