søndag 30. desember 2012

DVALE

Her i heimen har me rett og slett hatt ein aldri så liten romjulsdvale, me har ikkje gjort ein einaste ting. Thomas har vore sjuk (endeleg frisk att no) og eg er jo gravid, ikkje at det er ein sjukdom altså, men ein blir jo litt sløv av det.

Etter me kom heim fra Stord første juledag har me altså stort sett berre vore inne, og ikkje gjort noko som helst. Sett mykje på TV og berre slappa av. Deilig, men eg kjenner eg gler meg litt til å vera tilbake på jobb, få litt rutinar inn i kvardagen igjen.

Pusane synes jo sjølvsagt at det er kjekt at me er så mykje heime, då får dei kos og oppmerksomhet heile dagen og det er akkurat det dei likar. Den spraglete pusen er ganske "pratsom" noko som igrunn er ganske skjønt. Men dei siste dagane har ho byrja å sette seg framfor ytterdøra og mjaue, eller skal eg sei grine? Det høyres ikkje verre ut. Ho har med andre ord lert seg korleis ho skal sei fra at ho vil ut å leike, problemet er berre at dei framleis er litt små (synes eg) og at det framleis heller ikkje er steriliserte, så det kan jo bli nokre artige veker framover om dette skal fortsetje. No skal det nemnast at dei sjølvsagt får lov å vera ute litt og me har hatt dei ute nesten kvar dag i romjula no når me er så mykje heime. Det er berre det at eg likar best å vera med dei ut, så eg har kontroll på at det går fint, heldigvis er dei for det meste berre å leiker i hagen her.

Ikveld får me besøk av søstera til Thomas, det gler me oss til. Så idag har me stått på haudet å vaska til den store gullmedaljen, så herleg å kjenne litt såpelukt i huset. Og ikkje minst var det godt å få rydda litt her. Eg gler meg sånn til å kaste ut jula no, eg kan ikkje få sagt det, ikkje det at det ikkje er koseleg med jul altså, men eg synes den har vart lenge nok no og eg er klar for kvardagen igjen så på tirsdag skal alt ryddast vekk.

Me fekk puslespel til jul, 1000 bitar, det er sjølvsagt allereie på veggen! (Eg er sånn passe glad i å pusle) :)

Thomas fekk bilete til jul, det til høgre. Begge er laga av ei venninne av meg og motiva er fra nokre T-skjorter som Thomas kjøpte i Australia for 10 år sidan. Kjekke minner :)

Også har eg ramma inn nokre bilete av "oss" då, det var på tide. Og eit av pusane sjølvsagt, synes det bilete av dei er så skjønt :)

tirsdag 25. desember 2012

JULAFTA 2012

Julafta er over for denne gong, men det er godt det framleis er ei veke igjen av ferien. Herleg! Igår hadde me ein superflott dag trass at guten i heimen ikkje var i toppslag. Dagen vår starta med ein betre frukost, julehefter og frokostTV, eigentleg skulle me sjå tre nøtter til askepott, men filmen ville ikkje samarbeide så me måtte improvisere.

Pusane fekk sjølvsagt julegåve, det må dei jo ha, og sidan me reiste frå dei så fekk dei gåva si før me kjørte. Kvar si leikemus (som om dei ikkje har nok fra før) og dei falt verkeleg i smak. Så hadde dei noko å styra på med medan me var vekke.

Då me kom fram til Stord gjekk eg, mamma og pappa i kyrkja. Thomas var sjuk så han blei heime og pleia halsen sin imens. Det blir ikkje skikkeleg jul utan den tradisjonelle turen i kyrkja for min del, det høyrer liksom med.

Då me kom heim var det berre til å setje igong med maten, og for eit nydeleg måltid det var. Fantastisk godt pinnekjøt, kålrotstappe og herlege dessertar. Namnam! Etter maten var det gåvene, og det var nok gåver i år også, for å sei det mildt. For vår del var det babyutstyr som stod i høgsetet i år og me fekk masse fint til den litle. Thomas hadde blant anna lurt meg skikkeleg å vore og kjøpt babyseng utan at eg hadde ein aning om det. Senga hadde han kjørt opp til ein kompis også hadde mamma og pappa vore oppe å henta det der då dei var i Bergen sist gong.

Ellers så fekk me mellom anna bilsete, stelleveske, masse fine klede til babyen. Litt bøker, puslespel, godis og pengar til oss voksne. Og ny DVD spelar, ein såkalla Blueray spelar, og den gler me oss til å montere. Ja, det var litt av det me fekk i år, som vanleg altfor mykje :)

Til Thomas hadde eg laga ei fotobok, ei bok som inneheld litt av det me har gjort dette året, og det er ikkje så reint lite igrunn! Så har me noko å bla i når me vil mimre tilbake til det fyrste året vårt i Nygjerdet 10.

No er me tilbake igjen i Bergen og klar for å nyte resten av juleferien vår. Eg vonar Thomas blir frisk snart, eg trur ikkje ferien har vore så veldig triveleg for han så langt, stakkar. Me tok lite bilete igår, sjølv om eg hadde hugsa kamera og alt. Så eg sleng med nokre bilete av den nye senga i huset, som sjølvsagt allereie er montert :)

Håper alle de som les her og hadde ei flott julefeiring igår!

Har ikkje eg ein flink mann som kan kjøpe så flott seng heilt aleine? :)

Nydeleg sengekant og sengetøy som me har fått av Svigermor :)

Å, no må tida berre fyke avstad slik at babyen kjem! :D

søndag 23. desember 2012

JULEPYNT

Sånn går det når ein prøver å pynte til jul. Eg fann to julepyntgreier på loftet ein dag, og plutseleg var den eine nissen i klørne til pus.

Og så denne fine nissen som eg har fått av ei venninne og alt! Eg prøvde å setje den vekk då katten hadde hatt ein runde med den, men det er rart med det korleis desse pusane kjem til overalt :)




lørdag 22. desember 2012

MARSIPANKULER

Hei hå alle! Det er to dagar til julafta og her i heimen er det sjukdom som rådar. Thomas har blitt skikkeleg slått ut stakkar, vonar han blir betre til mandag. Førebels har det ikkje kome nokon symptom hos meg, eg satsar på eg slepp unna. Før fyrste gong valde eg faktisk å ikkje sove på samme rom som Thomas inatt, alt for å sleppe å bli sjuk, så eg og pusane låg på gjestesenga. Koseleg det og, sjølv om eg vakna eit par gonger av at gråpusen slevde i andletet mitt, hehe, ho er sånn passe kosete kan ein sei.

Vel, la oss gå til hyggelegare saker, nemleg marsipan! Å, det er så GODT. Det var nokre år der mamma baka alle sju slaga saman med meg og min bror, etter ei stund mista me interessa for alt fra berlinerkransar til kakemenn, men ein ting forblei tradisjon og kvar vetlejulafta lagar me marsipankuler. Uansett kor seint eg har kome heim fra Bergen så tek me oss alltid tida til det. Koselegaste juletradisjonen eg veit om. Så i år har eg trilla kuler her heime, heilt aleine, det er ikkje akkurat det samme for ein del av kosen er jo sjølvsagt selskapet. Men det var slett ikkje utriveleg, og godt selskap har eg jo i dei fine pusane som sitt på stolen ved sidan av meg og følg ivrig med på det matmor gjer på.

No har eg satt kulene i kjøleskapet med eit ønske om at sjokoladen skal størkne superkjapt sånn at me (les:meg, Thomas likar ikkje marsipankulene mine) kan kose oss med dei saman med filmen me skal sjå straks: Heime aleine. Det er ikkje skikkeleg jul før begge heime aleine filmane er sett, love actually må og sjåast og sjølvsagt Tre nøtter til Askepott og Reisa til Julestjerna. Dei to sistnemnde har pappa laga på DVD til meg, snillingen, så i år skal me setje klokka på litt tidleg på julafta så me rekk å sjå Askepott før me sleng oss i bilen og reiser heim til Stord :) Gler meg skikkeleg til julafta no kjenner eg!

Nammenam!!! :D

Det blei ikkje så mange som det plar bli, det gjekk litt i kokka undervegs... ehee :P

torsdag 20. desember 2012

JULEFERIE

Då har me juleferie her i Nygjerdet 10, og godt er det. Eg skal ha heile to veker ferie i år, pga at jula er som ho er. Eg har nokre fridagar igjen som eg ikkje har fått brukt og tenkte at romjula må vera ein flott måte å bruke hvertfall nokre av dei på, siste sjanse til å få nytte av dei. Eg har jo jobba femti prosent ei stund no, og har ikkje heilt kjent behovet for noko ytterlegare fri, så dei siste dagane mine har liksom berre blitt ståande. I Bergen Energi har me jo seks veker ferie og det er jo verkeleg eit luksusproblem når ein har så mykje ferie at ein ikkje får brukt alt eingong :)

Jula i år skal feirast på Stord, i år igjen. Me reiser heim på julafta denne gongen, og det blir fyrste gongen i mitt liv at eg ikkje vaknar saman med familien på julafta, og fyrste gongen på så lenge eg kan huske iallfall at eg ikkje vaknar heime på Stord. Men me har ikkje lyst å vera så lenge vekke fra pusane, så då får det bli sånn dette året, så kan det jo kanskje vera kjekt å starte med litt eigne tradisjonar og, me er jo faktisk ein liten familie her no <3

Den siste julegåva er handla inn idag, me er offisielt ferdige og det kjennes godt. Imorgon må me handle inn litt meir innpakningspapir så får me pakka inn dei siste gåvene og så kan jula i grunn berre komme. Mi julegåve fra Thomas kom tidleg i år, eg var hos frisøren i går og det var på tide for å sei det sånn. Eg har ikkje farga håret sidan før eg vart gravid, og det er faktisk sju månadar sidan.

Ellers er alt vel med oss alle her i heimen, og idag er det akkurat to månadar til termin. Me gler oss <3

Eg tør nesten ikkje tenka på kor stor eg kjem til å vera om to månadar :P
Som eg gler meg til å finna ut kven som gøymer seg her inne <3 :)

tirsdag 18. desember 2012

VUGGE

Ja, ein ting til er komen på plass til den vetle i magen, nemlig ei vugge som skal stå i  ståva. Den har me fått låne av ei kusine av meg. Eg var å henta den saman med julepynten på sundag og me måtte berre skru den saman med ein gong, sjølv om det etter planen enda er to månadar til babyen kjem. Så no står den her og minnar oss på kva som snart skal skje.

Så no har me stellekommode med matte, vogn med vognpose, vugge, vippestol  og sjølvsagt mykje andre småting som litt klede, lammeskinn dyne/pute sengetøy osb. Det me manglar av store ting no er bilsete, badebalje med stativ og seng, heldigvis har me jo enda litt tid på oss. Så manglar me eindel klede og, men me får sjå om nissen kjem med noko før me går til innkjøp av noko meir der. Det gjekk opp for meg eindag at eg berre har kjøpt bodyar, men babyen treng vel noko som dekker beina og? Og sidan den kjem i februar så er det kanskje ikkje så dumt med ein litt varm dress til å ha på når me skal køyre bil og sånn. Det ordnar seg nok.

Eg las faktisk her ein dag på internettet at før var det vanleg at "far" kjøpte inn alt av utstyr medan mor låg på fødeklinikken. Før så var jo dei fleste litt lenger på klinikken enn det dei er idag, og det var vel litt betre tid til å ordne alt medan ein venta. Men likevel, det er jo så kjekt å handle inn, og kontrollfreak som eg er hadde det vore vanskeleg å overlata alt til Thomas, sjølv om han sikkert hadde ordna opp :)

Den er veldig fin, med hjul og det heile.

Gler meg til det ligg ein liten baby oppi her <3 

mandag 17. desember 2012

JULETRE

Det er mandag og starten på den siste veka før jul. Me nytta tredje sundag i advent til å pynte juletre me, plast-treet vårt. I min barndom synes eg alltid at me hadde så kjipe lys på juletreet, for farmor og farfar, dei hadde lys med ulike fargar på. DET ville eg og ha. Men eg fekk det aldri. Så i år har eg fått arva dei gamle julelysa etter besteforeldra mine, og dermed har me det kulaste treet i gata, utan tvil.

Det er jo eit under i seg sjølv at kattane ikkje har tatt livet av treet allereie, dei trudde jo først at dei hadde fått seg nytt klatrestativ og dei var aldri så nøgde. Men eg har lært dei at dette ikkje var tilfelle. Men så kom det kuler på, og då er det iallfall ikkje enkelt å halda potane unna. Då me gjekk på jobb idag måtte me beint fram lukka att til ståva og heller la dei gå i gangen og oppe idag, godt det er god plass her i huset, og mange dører.

Ellers har eg vore på svangerskapskontroll idag, er ganske ofte på kontroll eg, mykje oftare enn nokon andre eg kjenner. Men eg klagar ikkje på det. Det kjekkaste eg veit er å få høyra hjarta til den vetle <3 Alt stod bra til og eg fortsett med femti prosent arbeid nokre veker til. Eg er altså 31 veker på veg idag, det er heilt sprøtt altså. om to månadar kjem det ein liten baby :)

Legg ved nokre bilete av Jula som er komen i Nygjerdet 10!

Juuuuuul :)

Gøy med fargelys!

Pepperkaker i krukka!

Kakemenn i boksen :)

Kanskje ikkje heilt jul, men eg har iallfall prøvd å pynte litt på kjøkkenet :)

Julestemning!

Ingen kan vel sjå at dette ikkje er Edelgran ? :P

lørdag 15. desember 2012

JUL I NYGJERDET

Ja, me prøvar å lage litt jul her i heimen, sjølv om kattane går laus på det meste av julepynt :) Igår hadde me oss ein tur på IKEA, handla inn siste rest til julagavene, og då me likevel var ute i Åsane tok me turen på Chlas Olson og. Der fekk me med oss julelys til Sypressen ute og jammen meg eit juletre til å ha inne og.

Så idag har me hatt ein lang morgon med god frukost før Thomas tok med seg pusane og gjekk ut for å henge opp julelys. Ingen tvil om at kattane likar å vera ute, dei blir alltid heilt i HUNDRE etter å ha vore ute litt. Idag fekk dei gå litt inn og ut som dei ville i omlag ein halvtime. Eg trur dei synes det er greit å vite at dei kan gå inn om dei vil, men så vil dei ut att med eingong :)

Juletreet er og montert, men me har ikkje noko pynt til det enda, så førebels berre står det her. Mamma og pappa kjem til Bergen imorgon eller mandag så dei skal ta med seg litt som dei har ekstra. Praktisk for oss :) I tillegg skal dei ta med seg ei vugge til babyen som eg skal få låne av ei kusine på Stord, så det kjem på plass litt og litt her no med tanke på babyen og. To månadar att no! :)

Det er ikkje enkelt å få noko bra bilete av pusane, for dei held seg ikkje mykje i ro ute :)

Blacky lurte på kva matfar gjorde på.

Han hang opp lys :D

Julestemning :)



onsdag 12. desember 2012

WINTER WONDERLAND

No har det jammen meg vore skikkeleg vinter her i nokre dagar, meget triveleg frå innsida, ikkje fullt så triveleg når ein må skrape bil og sånn :)

Det er blitt nokre dagar sidan sist, det har nemleg vore litt travelt. På laurdag var meg og Thomas først i familieselskap, så var det duka for jentejulebord heime hos meg etterpå. Det er lenge sidan eg har vore så mett, men med så mykje god mat er det vanskeleg å stoppe. Det var utruleg kjekt å samle jentene iallfall, det er ikkje så ofte me får tid i desse travle dagar.

På sundag baka eg og ei venninne julemenn og pepperkaker, herrefred kor kjekt det var. Me hadde julemusikk i bakgrunnen og stemninga var rett og slett på topp, litt mykje deig-spising vart det, men det er vel lov? Så no har eg faktisk FIRE sortar med julebakst, kjenner meg nøgd med det, eg har faktisk vore med å laga alle saman og. Det er faktisk mange år sidan sist eg baka julekaker, hadde heilt glømt av kor mykje stemning ein kan få av det. Dei siste åra har det vore så himla travelt foran jula og det einaste eg har rukke er dei vanlege marsipankulene eg og mamma trillar på vetlejulafta.

På mandag hadde Thomas siste eksamen og det feira me med å handle julegåver, så no er me så godt som ferdig med dei og ikveld skal me kosa oss med å pakka dei inn med julekaker på fatet og julemusikk i bakgrunnen. Som eg gler meg, er det noko me kan så er det jo å kosa oss :)

Eg har faktisk berre fire dagar att å jobbe før juleferien eg, det er sprøtt. Og etter jula er det berre fire veker før eg skal ut i permisjon, og det er iallfall sprøtt. Tida går så himla fort!

Koseleg med litt snø på trea ute. 

Og guten kosar seg med snømåkinga han. Han måka plassen ute, medan eg fjerna snøen frå bilen min, så om det ikkje snøar inatt så slepp eg det imorgon før jobb. (Det er jo lov å håpe). Hadde med oss pusane ut litt og, men eg fekk ikkje knipsa noko bilete av dei :) 



torsdag 6. desember 2012

MARIUSDRESS

Hei alle! Då var det helg att for min del, klagar ikkje på det. Som nemnt kom mamma og pappa til Bergen idag, og me hadde invitert dei på middag her hos oss. Det var berre heilt fantastisk koseleg, eg er bare så himla familiekjær, hehe.

Mamma hadde med seg litt ting til babyen, ho har kjøpt ein del klutar av diverse slag, litt bodyar og så har ho strikka litt. Eit hentesett og ein "Mariusdress" for å vera spesifikk og begge deler er berre heilt nydeleg. Så no har eg fått litt fleire ting i kommoden til babyen og eg gler meg meir og meir for kvar einaste dag som går til den vetle kjem. På mandag er det berre 10 veker att. Hurra! :)

Sjå berre her kor nydeleg? Eg er heilt imponert!! Tusen takk mamma <3 :)

Og slik ser eg ut idag, magen den veks og den veks! :)

tirsdag 4. desember 2012

OPPDATERING

Då har me fått bekrefta at vannrøyra som leder opp til vaskemaskinen har fryse, det var mildt sagt keisamt. Den gode nyhenda er jo at røyret ikkje har sprukke iallfall, og no er det tina opp igjen så me er back in business. Men det er jo absolutt ikkje noko kjekt om dette skal vedvare, så ei eller anna løysing må vel til på sikt.

For no har me fått beskjed om å køyre vaskemaskinen ofte slik at det ikkje rekk å fryse på, så får me komme oss gjennom denne vinteren med det og satse på at det ikkje er -10 grader så veldig mykje lenger.

Guten har eksamen imorgon, så eg og pusane gøymer oss oppe slik at han får litt lesero. typisk var det jo at pusane har dratt ut kontakten til omnen inne på soverommet idag, og med -10 grader ute var det mildt sagt kaldt inne og. Så no har eg hutra fullt påkledd under dyna i nokre timar og endeleg byrjar temperaturen å komme seg. Heldigvis har eg to varmer pusar i fanget, det hjelp jo på varmen det og.

Arbeidsveka er nesten over for min del, skal berre opp å jobbe nokre timar på torsdag, og i helga kjem mamma og pappa til Bergen, GJETT om eg gler meg? Å, det skal bli kjekt! På laurdag skal me i selskap me heile familien min på mamma si side på dagen og på kvelden kjem jentene heim til meg på jentejulebord, som faktisk blir det einaste julebordet eg skal på i år. Ei flott helg i vente med andre ord. Og på mandag skal me ringa jula inn på skikkeleg her i Nygjerdet med julegaveshopping og juleverkstad i heimen. Det er snart jul folkens, berre 20 dagar att :)

Søte pusen <3

Og ho her då, Frøken Pose! :)

Eg hugsar ikkje om eg har blogga dette biletet før, eg har vel kanskje det. Nye sofaputer og nytt pledd og fine stjerner i vindauget. Jul <3 

mandag 3. desember 2012

TRØBBEL I PARADIS?

Som de alle sikkert har skjønt er me ganske stolte over det flotte badet vårt, og av alle romma i huset er det nok det rommet som er nærast paradiset for oss. Men no ser det ut som om eit problem har meldt seg, då Thomas skulle setje på ein maskin med klede idag la han merke til at det ikkje kom inn vatn. Etter ein del omtanke kom han til å tenkje på at kanskje røyret har fryse? Det er ikkje noko kjekt i så tilfelle.

Det har jo vore nesten åtte minusgrader her idag, og det var ganske kaldt igår og inatt også, og røyra til vaskemaskinen og varmvatnstanken går jo mot yttervegg så det er absolutt ein moglegheit at det er nettopp dette som har skjedd. Me har kontakta Oswald Jørs og dei kjem for å sjå på saken imorgon, så er det berre å krysse fingrane for at ein slepp å opne opp veggane igjen.

Det er jo så utgjort at alt dette skal skje midt i eksamenstida til guten og. Først dette med taket på uteboden og no dette. Første eksamen er iallfall unnagjort og det gjenstår berre to. Om ei veke er han ferdig og det er me fleire her i heimen som gler oss til :)

Ellers har eg og mini vore på kontroll idag, alt ser veldig bra ut med den vetle i magen, heldigvis :) Hjarta slo 144 slag i minuttet idag, alle gongane eg har høyrt hjartelyden (heile 8 eller 9 gonger no) har den slått mellom 140 og 152 slag, og skal ein følge kjerringråda så tyder dette på at det er ei lita jente som gøymer seg inne i magehuset. Det blir så spanande og sjå, og det er så kjekt å gjette.

Me får prøve å nyte resten av kvelden her i Nygjerdet, så følgjer ei oppdatering på badet imorgon!

Her serde problemet, veggen i innhugget her er nemleg yttervegg, og det er ikkje lagt inn isolajson bak røyra.

Det vakre baderommet vårt <3 

søndag 2. desember 2012

EIT ÅR SIDAN IDAG

For eit år sidan idag var det fredag, fredag 2. Desember og eg og Thomas skulle ut på vårt årlege kjærast-julebord på favorittrestauranten vår "Salsa". Me hadde akkurat kjøpt oss hus, så me hadde mykje å prate om den kvelden, legge alle slags planar for korleis me skulle greie å komme i havn på alt me hadde tenkt oss. Utleige, bad osb. I tillegg hadde me ikkje solgt leilegheita enda, den skulle ha visning veka etter. Ja, det var mykje å ta tak i.

Og midt oppi alt dette hadde guten planlagt noko heilt anna, nemleg frieri. Han der altså, overraskar meg stadig. Det viste seg i ettertid at dette var påtenkt før me kjøpte hus, huskjøpet vårt gjekk jo veldig kjapt og var ikkje planlagt på førehand, så ringen var igrunn kjøpt inn før huset :)

Så no sit me her eit år etter, og alt har gått så fint med salg av leilegheit og oppussing av hus, og baby på veg er det og, lykka smiler til oss. Noko dato for bryllaupet, det har me ikkje tenkt på enda, men det er kjekt å vite at det skal skje, det er oss to <3

"Elsker deg" :)






GRATIS BABYBOKSAR

God sundagsmorgon til alle! Her har me sove lenge alle mann idag, til og med pusane. Kan ikkje klage på det. Snøen har verkeleg lagt seg her på Laksevåg inatt, eg kan vel ikkje skryte på meg at eg er vidare nøgd med det, men det er jo litt koseleg og då.

Tilbake til overskrifta. Det finnes mange ulike butikkar som deler ut gratis babypakkar til gravide, eit supert tiltak! Eg har bestilt meg fire slike pakkar, to fra Apotek og to fra daglegvarekjedar. Her i veka var me og henta dei to fra Apoteka, var jo litt spent på kva som var oppi sjølvsagt og det viste seg og faktisk vera litt vesentlege ting. Og sjølv om det berre er små prøvar og sånn så er det greit for oss førstegongsforeldre å vite kva me skal kjøpe inn av salver og slik.

I tillegg til det som visast på bilete under så var det nokre magasin og litt sånne hefter med gode råd. Veldig greit.

Så har eg faktisk kjøpt det første klesplagget til babyen også, eg greide ikkje halde meg lenger no. Ein liten body i str 56, så søt. Mamma har kjøpt nokre kler i str 50 (som er den minste) så eg tenker eg får starte på 56, dersom babyen blir lik sin far så er det vel ikkje lenge den passar så små klede uansett :) Å, som eg gler meg til februar no, håper tida framover går fort <3 :)

Berre sjå her kor mykje nyttig! Bleier, kremer, wipes, tuttar, flaske og til og med ein deo til far. 

Og ein søt liten body frå H&M, hihi! :) Det finnes jo mykje fint i "unisex" også! :D

lørdag 1. desember 2012

1. DESEMBER

Tenk at me er i Desember allereie? Tida flyr. Idag er det tid for å starte nedtellinga til jul, for dei aller fleste skjer dette i form av julekalender. Det er ikkje noko unntak i vårt hus, men noko dyr og kravstor pakkekalender er det nok ikkje, personleg er eg litt imot denslags då eg meiner me får nok i jula, om me ikkje skal forvente 24 kreative gåver FØR jul i tillegg?  Her i heimen er det nemleg ein flaxkalender og ei appelsin med nellikar i som får ta seg av nedtellinga, kanskje me vinn 500 000? Det hadde vore ei fin gåve det frå Norsk Tipping :)

Ellers har me hatt ein roleg laurdag, stod opp tidleg, spiste god frukost og tok oss ein tur ut på barnas hus. For ein tolmodig mann eg har, som blir med meg ut der for å kikke på babyting heile tida, hehe. På vegen heim var det vekeshandlinga som stod for tur, godt å få fyllt opp kjøleskapet litt igjen, så har me mat denne veka og. No er Thomas ute på kontoret for å gjer litt skulearbeid, han har første eksamen på mandag, flinkingen. Eg er heime og har vaska og rydda litt i heimen og no er det snart tida for å starte på middagen. Biff som står på menyen her ikveld :D

Me har fått nye sofaputer, noko som sjølvsagt betyr at Blacky har fått seg ny favorittplass :)

Medan Flushy framleis kosar seg på pleddet til ho mor. 

Her er det berre til å skrape i veg, ei luke om dagen! Og julestemninga kjem iallfall av nelliklukta, det er sikkert og visst :)