Det er vel ingen hemmelegheit at eg er glad i sko, og derav har eg eindel av dei. Igår tok eg ei opprydding i alle finskoa og stabla dei vekk, for eg kan jo på ingen som helst måte gå med høge helar sånn som situasjonen er akkurat no, så får eg heller plukke fram igjen favorittane når våren kjem.
Eg var jo berre nødt til å nytta høvet til å ta nokre bilete av dei medan eg haldt på, så kan eg bla fram bileta når eg saknar dei som mest.
Så har eg jo hatt nokre av para ståande her og der til "pynt" så det er litt støv på nokon av dei, men det går vel bra?
Det er så kjekt å tenka tilbake på alle minna som ligg bak desse ulike skoa, i kva fasar i livet eg hadde dei forskjellige favorittane og kor og når skoa er kjøpt. Nokre av eg fått av Thomas, nokre har eg kjøpt på reise osb :)
|
Lyse sko, det paret heilt til høgre var det første paret eg kjøpte, i 2005. |
|
Dei brune skoa mine, eg elskar brunt <3 Dei to para mot høgre har eg fått av Thomas :) |
|
Og sjølvsagt dei svarte, tre av desse para har eg og fått av Thomas. Litt av ein mann eg har når eg tenkjer meg om :) |
|
No er dei stabla inne på gjesterommet i eskene sine :) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar