Laurdagen starta med besøk av tanta og kusina mi, kusina mi er sju år og synes det er stor stas med små, søte pusekattar <3 Så det var veldig kjekt :)
Etter det kom søstera til Thomas og mannen hennar, dei overnatta til idag og me hadde ein kjempeflott kveld igår! Dei hadde med seg to store kartongar med ting fra Kosvik, og der var det MASSE kjekt!!! Alt fra julepynt og pledd til flotte ting me trong til babyen! Både eg og Thomas er heilt overvelda, det var jo alt for mykje, men me er så glade for me trengte verkelg ALT som var oppi der :) TUSEN TAKK!!!
Det var utruleg kjekt med besøk og, me kosa oss med god middag og "Touchè" som er eit spel me alltid spelar med familien Ødegård. Idag brukte me dagen på julekakebaking, me baka smørkransar og krumkaker. Fantastisk gode begge to :)
Alt i alt ei super helg! Det kjem litt meir utfyllande innleg ila veka. :)
Her er litt av innhaldet i den eine pakken, sengekant dyne og pute til babyen. Kakeboksar og sengetøy med julestemning på seg. Pusen var her fra frå, og sneik seg oppi her utan at me merka der. |
Sjå kor ho kosar seg <3 Fine pusekatten :) |
ja nå har e haustledd, det var skrekkelig moro oglese om overraskelsen vår.Godt at dere blei glade og at dere hadde bruk for alt.Jeg lo høyest da jeg fikk se sokken din--den fant jeg under senga dere lå i i sommer! Velbekomme!
SvarSlettJa, da va ikkje måte på kor masse flott da va oppi der altså!! :) Og ikkje minst sokken, den fant pusen fort :P
Slett