Det er ikkje mykje som skal til, så idag har Thomas lista golvet der inne og pluss at me har hengt opp toalettrullhaldar og knaggar til handdukar. No manglar berre nytt vindu med karmar og nytt tak, men det får komma seinare. Det vart iallfall mykje betre!
Medan me likevel var på IKEA så tok me med oss ei knaggerekke og, me har eigentleg ikkje noko særleg plass kor folk å henga av seg jakkar når dei er på besøk, og våre bruksjakkar blir alltid liggande på spisebordet, så det skal bli godt å kunne henge det av seg i gangen fra no av :)
Etter ein lang pause der me ikkje har gjort så veldig mykje i huset, er det no veldig godt å vera litt igong igjen. Det er berre småting me gjer no, men det er viktig at slike ting blir gjort også.
I tillegg til dette har Thomas gjort nokre varmetiltak før vinteren slår inn, meir om dette kjem imorgon :)
Jenta hjalp til idag! :) |
Knaggar til handdukar! |
Toalettrullhaldar. |
Og lister på golvet! Det blei ganske mykje betre her inne no, synes iallfall me :) Vanskeleg å få til noko bra bilete her sidan rommet er så lite :) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar