Edit: Dette innlegget vart skreve på mandag 26.11.2012
Forrige helg då me skifta vindu i matboden fann eg ut at det var det ideelle tidspunktet og male den på også, sidan den allereie var tom meinar eg. Heldigvis er ikkje Thomas så vanskeleg å overtale, så det har vore prosjektet den siste veka, sånn innimellom taktekking og eksamenslesing og diverse anna som den fine mannen min driv med.
Idag vart siste handa på verket lagt og eg må sei eg er kjempenøgd. Det blei eit strøk med grunning, to strøk med maling og så listing til slutt, sistnemnde har jo Thomas blitt så flink til no, så det gjekk som ein leik. Så no er den litt kule 70-tals tapeten bytta ut med litt fresh kvitmaling og frøken er svært så glad. Godt med alt som er gjort seier eg berre.
Ellers har me hatt oss ein tur på butikken idag, me har byrja med vekeshandling, altså at me prøver å handle ein gong i veka. Ganske herleg å sleppe å køyre innom butikken omlag kvar dag, som eg gjorde før. Og ikkje minst er det fantastisk å ha middagsplanane klare for heile veka, det blir det gode og sunne middagar av. Imorgon er det heimelaga lapskaus på menyen, etter oppskrift frå mi kjære mormor, ho lagar nemleg den beste lapskausen, eg kjenner eg gler meg allereie! :)
|
Slik såg det ut i boden "før". |
|
Og slik såg det ut "etter". |
|
Guten er nøgd. Og det er sjølvsagt jenta bak kamera også :) |
|
Hyllene kjem på plass igjen. |
|
Og vips var den klar til bruk igjen. |
|
Herleg!!! :D |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar