På kjøkkenet har me merka ein kald trekk, akkurat foran komfyren vår. Eg har ikkje tenkt at det var noko me kunne gjera noko med, men Thomas tenkjer alltid etter to gonger, heldigvis. Han tok seg ein tur rundt huset og såg at det var fleire ventilar som mangla luke, altså er det berre opne hol rett gjennom veggen, ikkje bra. Så guten ordna sjølvsagt opp og kjøpte nye ventilar som no er montert, i tillegg til dette har han og hengt opp ein plastduk på toppen av loftstrappa. Dette litt for at ikkje kattane skal rote seg opp på loftet, men mest for å prøve å halde på den vetle varmen me har der.
Me elskar jo dette huset, og har ikkje mykje negativt å sei om det, men om det skulle vera noko så må det vera inngongspartiet. Det er litt lite og veldig upraktisk, men sånn måtte det jo sjølvsagt vera då det vart laga som ein generasjonsbolig i si tid med eigen bolig i andre etasje. På sikt skal me skifta ut ytterdøra og det vil nok hjelpe noko på kulden i trappeoppgongen, så har me og eit vindauga der som trengs å fornyast, men det vart ikkje gjort denne vinteren. Så me får berre halda det ut.
Det som kanskje er det mest keisame i samband med den kommande vinteren er nok at me ikkje har nok straum opp i andre etasje til å halde to oljeomnar gåande på same tid. Men det kan det hende me kan få ordna snart slik at me kan setje på litt varme oppe. Heldigvis er badet godt og varmt og me har ein omn på soverommet og. Eg tenkjer jo litt på babyen som skal kome etter jul, men det er heldigvis ikkje så lenge før våren kjem då og til neste vinter er me forhåpentligvis litt betre stilt :)
Ny luke til ventilen på badet til jentene i kjellaren. |
Og ei ny luke til kjøkkenvifta. |
Og plast på toppen av trappa. Det einaste negative med det er at eg ikkje gidd å hente ting på loftet lenger, då plasten er spikra fast slik at ikkje kattane skal snike seg inn :) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar