Vekene går så fort, og det er allereie helg igjen. På mandag er eg 28 veker på veg, då er det berre 12 veker att, i dette tempoet så kjem dei 12 vekene til å fyke avstad. Plutseleg er jula her, og etter jul trur eg at eg kjem til å bli litt stressa med tanke på å få alt i stand, eg som er gravid for første gong er opptatt av at alt skal vera på plass før minsten kjem og foreløbig føler eg at me mangler det meste. Eg synes sjølv det er skikkeleg rart at eg snart er 28 veker på veg og eg har ikkje kjøpt eit einaste klesplagg til babyen enda, det er ikkje det, eg har god tid enda, men litt rart er det likevel at eg ikkje har falt for freistinga :)
Eg er sjukemeldt 50% fram til jul no og det kjennes bra. Så idag har eg hatt fri fra jobb, har fri onsdagar og fredagar så vekene er ganske korte sånn sett. Godt å få ein mjuk start på helga kjenner eg, eg har tatt det heilt med ro idag, stort sett berre kosa med pusane. Litt husarbeid har eg fått gjort innimellom og ein liten tur på butikken. Det er ikkje så enkelt å handle aleine for eg greier jo ikkje bera så tungt, men eg fekk med meg det viktigaste så måtte Thomas stoppe på vegen heim fra jobb å plukke med seg litt kattesand og sånn.
Ikveld har me vore ute på jobben til Thomas å henta litt material. Det er aldri ein roleg augneblink her i heimen og imorgon er det taktekking som står for tur. Blir spanande å sjå korleis det går, men det er som eg seier: alt du vil det får du til. Thomas oppdaga nemleg her eindag at det lakk fleire stader i taket ute i uteboden vår, og det må me ordne no før vinteren kjem. Eg er litt skeptisk då taket på uteboden går rett ned i vegen, dei som har vore her veit jo at det er stykke ned, men dei skal sjølvsagt sikre seg godt og så må dei vera veldig varsame. Heldigvis har Thomas fått hjelp av ein kompis så han slepp å stå med det aleine, det er jo ikkje så mykje hjelp i meg for tida :P
No er det derimot avslapping på planen, me skal benke oss foran tv-apparatet og håper det er noko spanande å sjå på på ein fredagskveld. Litt godt i skåla skal me nok og finne fram. Og muligens litt sørlandsk julebrus som me har vore så heldige å få av den fine familien vår :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar