Eg nemnde såvidt at familien Ådnanes tok seg ein tur til Bergen forrige fredag for å hjelpa oss med å få litt lys og litt stikkontaktar i andre etasje. Elektrisiteten der oppe var gammal då me overtok huset og i samband med badet måtte dei kople den av. Dei har jo reglar dei må følgje og når dei kjem over ting som ikkje er trygt eller lovleg må dei rett og slett kople den av, for om det hadde skjedd noko så er det dei som står ansvarleg på ein måte.
Så sidan badet kom på plass har me eigentleg kun hatt to stikkontaktar inne på soverommet vårt, og no når hausten og vinteren kjem merka me kjapt at det var litt i minste laget. Då er det jammen godt å ha ein pappa som er elektrikar. Han ordna ein stikkontakt på begge gjesteromma pluss at han hang opp ein taklampe samt ein brytar til den i gangen. Heilt fantastisk!
Min kjære bror hadde med seg innflyttingsgåve til oss og, ein kjempeflott stålampe til ståva. Eg har klaga litt på manglande lys her nede også, så det var berre heilt fantastisk! Eg er sånn passe glad i lys og vil helst ha på alle lysa i heile huset heile tida, til Thomas sin store fortvilelse, hehe, eg skrur på og han skrur av :P
Me hadde ein kjempekjekk dag saman, det er alltid så kjekt med besøk av familie. Eg og min bror fekk til og med lurt inn ein liten søskentur til sentrum og pusane fekk så mykje kos og oppmerksomheit. Tusen takk for hjelpa <3
|
Her se de taklampa, den er gammal og godt brukt, men den gjer nytta si likevel. Utruleg herleg å endeleg ha lys her!! |
|
Nymotens lysbrytar. |
|
Stikkontakt MED straum i, her skal me ha ein oljeomn og eit lys slik at me kan ha litt varme i heile etasjen :) Thomas har og endeleg hengt opp persienner her, godt å sleppa innsyn frå naboar. |
|
I samband med besøket me hadde i helga flytta me bokhyllene inn her, dei stod eigentleg i gangen, men me tenkte me skulle prøva å gjera det litt triveleg her inne også. Veldig fornøyd med resultatet og deilig med litt større plass i gangen og. |
|
Det gjenstår litt arbeid her oppe som de ser, men så er det litt triveleg og, og ha det opprinnelege treverket framme ei stund :) |
|
Må jo ha med eit pusekattbilete og, dei er som regel med oss overalt, så nyfikne, så eg hadde ein søt pus med meg då eg skulle fotografera idag <3 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar