onsdag 14. november 2012

WAFFLES

Hei alle! Då var det allereie nokre dagar sidan sist. Eg blir så trøtt dei dagane eg er på jobb så då blir det berre sofaen resten av dagen og inspirasjonen sit litt langt inne, men idag derimot har eg hatt fri og er back on track.

Kanskje ikkje verdas beste bilete av meg, men her lagar eg vaffelrøre :)

Eg valde å stå over symjinga idag, har vore litt sliten den siste veka og tenkte at eg heller trong ein dag der eg sov litt lenger enn vanleg og berre slappa av utan noko utanomdørs aktivitet. Eg har ikkje berre holdt sofaen då, eg har nemleg vaska hovudetasjen av huset (det tar litt tid då eg må vera varsam med ryggen) og planlegg å ta resten imorgon (då med hjelp av Thomas), me får nemleg storfint besøk i helga. Mamma, pappa og min bror kjem på dagtid på fredag, me skal sjå litt på det elektriske anlegget i andre etasje. Og på laurdag kjem systra til Thomas og mannen hennar og skal overnatte til sundag, FOR ei helg seier eg berre. Eg gler meg!

I ettermiddag har me vore ein tur ute på vift og. Sneik oss innom ein visning, dei fleste veit vel at me plar ta oss ein tur på visning i ny og ne, det er berre på gøy og me har på ingen som helst måte tenkt å hverken selje denne herlegheita i Nygjerdet eller kjøpe oss noko anna. Men det er gøy å sjå korleis andre har det, finne litt inspirasjon og sånn. I tillegg til dette var me innom senteret her på Laksevåg å plukka med oss litt småting til huset.

Ser dei ikkje gode ut då? Forstår ikkje at Thomas ikkje likar dei :P
























Ellers er eg litt matlei om dagen, det går mykje i det same her i huset og skjever er noko eg et til tre av fire måltid om dagen. Eg er så lei av skjever. Så idag bestemte eg meg for å laga vafler til kvelds, av den litt sunnare sorten sjølvsagt. Dei inneheld ikkje kveitemjøl eller sukker, nemleg. Det einaste dumme med dei er at Thomas ikkje likar dei, hehe, men han er så høfleg at han et dei han og :) Hadde det vore opp til meg hadde eg berre levd på yoghurt og marsipan, det hadde vore noko det. Men det kan eg sjølvsagt ikkje, og spesielt ikkje no når eg har ein liten mini inni magen <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar