Då har me endeleg henta vogna vår, det er over ein månad sidan eg endeleg bestemte meg og la den av i butikken. På mandag fekk eg endeleg henta den og no er den her, litt rart.
Det var litt av ein prosess å bestemme seg for kva vogn ein skulle velje. Eg hadde eigentleg bestemt meg på forhånd om at eg skulle kjøpe Emmaljunga Edge Duo, den synes eg er veldig fin og kjenner mange som har den som er nøgd. Men etter mange turar til Barnas hus, mykje surfing på nettet og slik kom eg tilslutt fram til at TFK var vogna eg ville gå for.
Denne vogna har kun tre hjul der det fremste er svingbart (ein kan og låse det sjølvsagt). Den er heilt vanvittig god å trille (iallfall innandørs) og den blir ganske liten når ein legg den saman. Sistnemnte var veldig viktig for meg sidan eg har verdas minste bil. I tillegg er det også ein handbrems på denne vogna, nymotens saker, eg trur det kjem til å bli heilt supert, særleg når ein trillar ned bratte bakkar. Eg har jo planar om å trille mykje på tur, eg som skal ha heile våren og sommaren i permisjon :)
Dette er ei duovogn, altså er det eigentleg ei sportsvogn så kan ein kjøpe ein bag ved siden av. Foreløpig har eg berre montert bagdelen då det er den eg skal bruke først. Fargen eg valde er som de kan sjå grå på bagdelen og så har eg valgt svart på sportsvogna, greit og ikkje ha samme farge på dei ulike delane så blir det omlag som to ulike vogner.
Imorgon går eg inn i tredje og siste trimester og det er under tre månadar igjen, eg håper tida går fort for no gler eg meg sånn til å helse på den vetle og ikkje minst til å finne ut kven det er som skjuler seg inne i magen min.
|
Her er meg og vogna. Kler eg det? Hehe, litt rart er det- |
|
Byrjer jo å bli litt storleik på magen no :P |
|
Eg har kjøpt ein brukt vognpose som eg er kjempefornøyd med. |
|
Trur nok babyen skal kose seg oppi her <3 |
|
Så fornøyd er eg!! :) |
|
Handbremsa. :) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar