Ellers har eg starta eit prosjekt i andre etasje, idag har eg berre rydda der oppe så skal eg forsetje på fredag når eg har fri igjen så kjem det vel litt bilete etterkvart. Det er ikkje dei største endringane, men me må jo lage litt plass til den kommande babyen vår <3
Så til overskrifta: Thomas gjer ting han ikkje kan, idag var det listing som stod på planen, og det gjekk veldig bra sjølv om han sleit litt i starten. Thomas har aldri lista før (seier han iallfall) så han var litt skeptisk til om han kom til å få det fint, men det gjorde han altså! Eg er iallfall imponert over mannen min, som vanleg :)
Imorgon skal me muligens ein tur på IKEA, kva me skal der kjem nok på bloggen om ikkje lenge, så følg med!
Litt oppgitt her som de ser... |
Men berre sjå her kor flott det blei. SÅ herleg å endeleg ha lister her, gangen vart som ny :) |
Eg seier berre: Alt du vil, får du til :) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar