søndag 14. oktober 2012

HAUST

No er det ingen tvil om at hausten er her, det er jo verkeleg nydeleg ute no, og denne veka har me hatt strålande vér her i Bergen.

Det er ei stund sidan eg har blogga no, men veldig mykje nytt er det likevel ikkje. Det handlar stort sett om kattar med meg for tida. Herregud dei veks fort, snart er dei vaksne kattar og ikkje ungar lenger. Men lekne, det er dei. Igår var me på dyrebutikken og kjøpte litt leiker til dei, nokre mus som lagar litt lyd og eit lite stativ. Gjett om det falt i smak hos dei firbeinte, leikene har omtrent ikkje fått fred sidan me introduserte dei :)

Med babyen går det og veldig bra, den sparkar jo kvar dag no og det er så kjekt. Thomas har fått kjent nokre spark og, og det er stor stas. Me har framleis ikkje handla noko til den vetle, men igår var me å henta litt arvegods, så no er ballen igong. Eg kjenner eg kjem til å ta av når eg først byrjer på dette handleprosjektet, så det er best å vente litt lenger trur eg. Men eg er jo godt igong og planlegg og prøver å finne ut kva eg faktisk treng og kva som gjerne ikkje er like nyttig. Ikkje så enkelt for ein førstegongsgravid å vite alt, men heldigvis har eg jo venninner som alt har vore gjennom det og som kan hjelpe meg litt!

Imorgon er det duka for ei ny veke, og det er alltid kjekt. Førebels har eg ikkje så mangen planar, anna enn at eg skal til Stord i helga som kjem, då er det reunion med ungdomskulen. Eg tenker eg skal ha nok ei roleg veke, kanskje prøve å komme meg ut på tur litt, og kanskje ein tur på barnevognjakt. Gler meg stort til å finne ut kva vogn me vil ha. Sjølv om me er ganske sikre kan jo det fort endre seg når me prøvetrillar :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar