Hei alle saman! Det er tysdag, og veka er snart halvvegs. Eg kjenner det er litt tungt å jobbe for tida, eg er så trøyt og greier berre ikkje å konsentrera meg i det heile tatt. Kjenner eg sett vanvittig stor pris på helger, mykje meir enn før. Men det går no greit og, har jo heldigvis ein kontorjobb og mange kjekke kolleger :)
Det er iallfall ikkje noko problem å komme seg opp om morgonen lenger, gler meg alltid til å gå ned til pusekattane. Det virker som dei kosar seg her hos oss og dei leiker absolutt heile tida. Spring etter kvarandre og klatrar opp på ting og tang. Underhaldning døgeret rundt for matfar og matmor.
Då me stod opp idag hadde den eine pusen greid å forville seg inn i kassen bak toalettet vårt nere, og den kom seg sjølvsagt ikkje ut att. Stakkar, ho har sikkert vore der i heile natt. Thomas måtte rett og slett ut i boden å hente verkty og bryte opp heile kassen, hehe, tøysepusar. Igår forvilla den andre seg inn under senga vår, og me har faktisk rammemadrass, så det skal jo noko til :)
|
To gode vener!
Ellers har me vore hos jordmor ein tur idag, det var kjekt. Bestilte oss ein time hos ei privat ei, sidan det tar så lang tid før ein får time gjennom kommunen. Det var skikkeleg herleg å berre sitte å snakke i over ein time med ei som har dette som fag, ei som kan alt mogleg, og som veit kva ho snakkar om. Fekk beskjed om å drikke MYKJE meir enn eg gjer, og spise litt annleis for at blodsukkeret skulle bli litt jevnare. Bekkenløysing var og på plass, så no gjeld det berre å halda det litt i sjakk slik at det ikkje blir verre. Ellers var alt tipp topp med den vetle i magen, og då blir mor og far glade :) |
|
Dette var den første kvelden dei var her, så søte <3 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar