Denne veka har det ikkje skjedd så mykje, det går i jobb på dagtid og avslapping samt kosing med pusane på kveldane. Merkar at dei er blitt mykje større på den korte tida dei har vore her hos oss, tenk at det snart er tre veker sidan allereie. Dei er husvarme nok iallfall, idag då eg kom heim frå jobb fant eg ein pusekatt på spisebordet i tillegg til at alt laust på Thomas sitt skrivebord låg på golvet. Tydeleg at dei kosar seg medan me er vekke ja.
Ellers går det bra med meg og minsten og, for dei som skulle lure på det. Kosar meg masse om dagen og elskar å kjenne dei små bevegelsane i magen. Det blir stadig meir no, og enkelte dagar er det liv jamt over nesten heile dagen. Formen er heldigvis og bra og neste veke skal eg endeleg til jordmor igjen, det gler eg meg til. Sist gong var eg jo privat, men denne gongen er det gjennom kommunen og det er ho eg skal gå til resten av svangerskapet, håpar ho er grei :)
Idag er eg 22+3 veker på veg, altså ganske nøyaktig fem månadar. Legg ved eit bilete av meg som Thomas tok av meg og den svarte pusen før idag, sidan det er fleire som stadig etterlyser bilete av den stadig voksande magen.
Dersom eg ser litt trøytt ut er det berre fordi eg er heilt fri for sminke og akkurat har sove litt :) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar