Idag har guten i huset bursdag, han blir heile trettifire år gammal og det må jo feirast! Eg har prøvd så godt eg kunne å gjera det til ein dag han vil huske på, før klokka var sju idag hadde eg allereie sunge bursdagssangen til han tre gonger, i tre ulike versjonar. Godt han ikkje er morgongretten, for det kunne gjerne vore litt over the top for folk flest.
Etter jobb kjørte eg innom senteret her på Laksevåg for å plukke opp eit par bursdagsremedier, som til dømes 1-2-3 boller og 1-2-3 kake, eg er ikkje noko kløpper på baking akkurat, men det er vel tanken som tel? Ein bukett haustroser fekk eg og plukka med meg, og ei lita bok i gåve. Ikkje det heilt store kanskje, men han vart glad han :) Thomas er nemleg så heldig at han fekk gå på skulen på bursdagen sin dette året, så då vart det berre tomatsuppe til middag, og når han kjem heim skal eg overraske han med nysteikte boller og ei forhåpentlegvis hjarteforma gulrotkake med glasur på.
Ellers går det bra med oss her i heimen, eg får stadig vekk høyre at eg bloggar sjeldan, og det er heilt sant. Det går stort sett i baby og pusekattar her altså, hehe, orkar dåke fleire bilete av kattane no?? Me plar alltid ha ein liten kosetime på sofaen etter jobb meg og pusane, men idag har eg ikkje hatt tida til det då eg har vore bakemeister, så dei har altså dilta etter meg konstant. Sitt nede på golvet å kikker opp på eg med dei skjønnaste augo, "skal du ikkje kosa med oss?". Kvar gong eg har tatt ein liten pust i bakken så er dei i fanget med eingong, eg blir jo heilt rørt :)
Eg nemnde såvidt at eg skulle til jordmor på fredag som var, det gjekk fint, ho virka veldig koseleg og lokala var heilt nyoppussa og flotte. Det skal bli kjekt å gå der framover. Eg var ein tur hos legen og på fredag, så no skal eg prøva å jobba femti prosent nokre veker, så får me sjå om det kan hjelpe på bekkenet mitt, eg har så lyst å få det litt i orden før eg blir enda større og tyngre og ikkje minst før fødselen. Så svømmehallen, here I come.
|
Boller i omnen! (Snart) :) |
|
Skal prøve å lage eit hjarta av denne. |
|
Haustbordet :) |
|
Søt pus! |
|
Eg og babyen har tatt på kjole idag, akkurat 24 veker og SÅ stolt over magen min <3 :) |
|
Dei er flinke å posere desse kattane, hehe, har de sett noko så søtt før? :))) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar