No er det ikkje lenge igjen før snekkaren kjem, 10 juni, altså ei veke. Planen om å flytte opp på loftet har me utsatt og utsatt, men i slutten av forrige veke fekk me endeleg gjort det og andre etasjen i huset vart endeleg tømt. Heldigvis for oss så passa det slik at Aksel kunne sove hos tanta mi fra torsdag til fredag forrige veke og då slapp me faktisk å ha han på loftet i det heile tatt, iallfall i denne omgongen. Eg har nemleg vore litt bekymra for korleis han kom til å finne seg til rette der oppe :-)
|
Ja, det blir LITT søppel undervegs. |
|
Slik ser det ut under all gipsen, fine plankebord. Desse gamle husa er som regel laga med heilplank og er ikkje isolerte, men no skal me legga inn isolasjon og satsar på ein varm og god vinter neste år, iallfall innandørs :-) |
|
Golvet. |
|
Ute i gongen :-) |
|
Litt meir av golvet. |
|
I full gong! |
|
Fra vårt soverom og inn på Aksel sitt :-) |
På fredag reiste eg og Aksel til Stord, eg har tatt ut tre veker med ferie no som det står på som verst i heimen. Men Thomas er heime å riv og herjar på, no trur eg han snart er ferdig med alt bortsett ifrå golvet som og skal opp. Han er jaggu flink altså! Igår hadde han besøk av ein eletrikar og, så no er omlag alle spotkassane på plass, i tillegg har han bestilt alle dørene me treng. Vindauga, gipsen og golvet er allereie på plass og me er igrunn ganske klare til å komma igong med det heile. Dette har me venta lenge på.
Wiii, det blir spennande å sjå korleis det blir til slutt:D
SvarSlett