Dette har vore ein spanande dag! Eg skal innrømme at eg hadde mine tvil då Thomas kom ivrig med idèen om å bruke kranbil for å få på plass vindauga i andre etasjen. Men han haldt fast på denne idèen og fann ut at dei i same slengen kunne heise opp alle gipsplatene slik at dei slapp å bera dei opp trappene. Jaja, tenkte eg.
Vel, Thomas er jo kjent for å gjennomføra idèane sine han og dette var ikkje noko unntak, så idag kom jammen meg kranbilen med både gipsplater og vindauget. Praktisk nok så har jo Adolf Jahnsen ein kranbil med fører så det var iallfall ikkje noko problem å få tak i ein :-)
Det eg var mest bekymra for i forkant var trafikken, korleis kan ein berre stoppe trafikken liksom? Men kranbilføraren greide å plassera seg godt inntil kanten og det er jo både fortau og sykkelfelt, så trafikken gjekk igrunn som normalt. Nok ein bekymring til ingen nytte altså :-)
Eg bøyer meg nok ein gong i støvet for alt det mannen min får til. Etter sju år saman greier han framleis å imponere meg og eg gler meg til å sjå fortsettelsen på dette oppussingsprosjektet vårt <3 Eg og Aksel er trygt plassert på Stord igjen og her skal me kose oss sammen med familien min i nokre dagar mens gutta krutt jobber på i Bergen.
Tilslutt nokre bilete fra når vindauga vart krana opp! Ufatteleg kult :-)
dette var kjempeimponerende -sjøl mamma må innrømme det!
SvarSlettHehe bra! Litt tenking og organisering og et par telefoner og gode folk som man jobber sammen med så gikk det der helt fint. Både kranføreren vår og snekkeren hadde fullstendig roen, så det gikk helt på skinner. Mange timers manuelt arbeid gjort på en drøy time :) Da er et par tusen kroner i kraning verdt det. Thomas
SvarSlett