mandag 23. juni 2014

GIPS OG SPON PÅ VEGGEN

Då har eg mottatt dagens bilete frå arbeideren i Bergen (eg er jo som kjent på ferie på Stord/Valevåg). Idag har dei fortsatt å gipse veggane og er no snart ferdig med Aksel sitt rom i tillegg til at dei har gjort litt på vårt soverom og.



Under gipsplatene har me valt å legga inn sponplater, dette både for bedre isolering og ikkje minst lyd-demping. Me legg dei både på lettveggane som deler romma og langs ytterveggen for å dempa trafikkstøyen. 



På veggen mellom walkin-rommet og soverommet vårt bruker me sponplater som egner seg til oppheng sidan me skal ha TV på veggen der. Alt er planlagt til detaljane og eg gler meg til me er ferdig! 

1 kommentar:

  1. Fantastisk fremgang. Det ser kjempeflott ut:)

    SvarSlett