Ja, me er absolutt igong no og eletrikaren har allereie vore hos oss fleire gonger. Me starta med å skifte alle sikringane om til automatsikringar i tillegg til at me la nytt eletrisk i heile første etasjen.
Deretter har me fått satt opp spotkassar i andre etasje, 24 stk om eg ikkje tek heilt feil, og to på gjestetoalettet i første. No gjenstår det å finna ut kor mange stikkontaktar me ønsker oss, og ikkje minst kor dei skal plasserast.
I gangen skal me ha to taklampar, dei får ikkje eg sjå før dei heng der, men eg stolar på Thomas si stilvurdering. Sjølv har eg har vedtatt at me skal ha vegghengte leselampar på soverommet og det gler eg meg til.
Det som gjenstår no er å bytte hovudsikringane, legge kablar oppe og trekke straum gjennom og ordne med alle stikkontaktar og sånn.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar