torsdag 19. juni 2014

VINDSPERRE OG LEKTER

Me er framleis særs nøgde med at kranbilprosjektet vårt gjekk i boks. Kjekt når ting ein har grua seg litt til går så over all forventning :-) Men det er allereie tre dagar sidan no og mykje har skjedd i heimen sidan sist.

Siste del av planken er skrudd i.
Ventil på soverommet :-)

Etter vindauga var på plass var det neste på lista at Thomas skulle bli ferdig med å skru plank i golvet, samstundes starta snekkaren med vindsperra for så å lekte. Det går verkeleg unna og eg må verkeleg seie at gutane er flinke.

Romdelinga mellom soverommet vårt og walk-in/kontor er såvidt igong!

Soverommet til Aksel er i ferd med å ta form.

Etter planen skal eletrikaren vår komme i ettermiddag og imorgon er det dags for å isolasjon.


Vindsperre og lekter!

Allereie neste veke er det etter planen meininga å begynne å gipse veggane og etter det går det unna tenkjer eg. Sjuande juli kjem malaren for å sparkle, reknar med dei skal bli klare til det i dette tempoet!

1 kommentar:

  1. hipp hurra for st. hans og gratulerer sålangt! Gleder oss til fortsettelsen!!! bestemor og far

    SvarSlett