tirsdag 10. juni 2014

ENDELEG IGONG!

Ja, det er slik at når eg seier til folk at me pusser opp huset i sommer, så spør dei alltid: kva er det dåke holder på med no då? Nei, det er no andre etasjen då. Åja, eg trudde dåke var ferdig med den eg, får eg gjerne tilbake. Hehe, det er ikkje tvil om at dette har vore prata om mykje, og ikkje minst lenge. Det tek tid å planlegge noko så stort, og så skal det sparast penger, og så skal me ha tida til det.



Men no kan eg endeleg sei at me er igong, og eg er stolt over Thomas og alt han får til. Ja, for eg kan ikkje skryte på meg at eg bidreg så mykje. Mi oppgåve er jo å passe på resten av heimen, og ikkje minst Akselen vår. Det krev sin mann det og skal eg bare sei :-)



Idag kom altså snekkaren, i elleve tida var han på plass og dei har allereie fått skifta eit vindauge og gjort litt småting i tillegg til å sette opp ein plan på framgongen og kva som skal skje når. Ikveld skal Thomas ut på jobben å hente eit lass med material og så er planen at Kristof skal komme å gjer siste rest på pipeløpet.

I tillegg har me hatt besøk av ein kar som skal legge inn ein ledning til TVen oppe på soverommet vårt. Likegreit å ha muligheten for kanalar der oppe og. Når me likevel gjer så mykje så er det ikkje noko merker frå eller til i budsjettet.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar