Hei alle saman! No er eg og Aksel på besøk hos bestemor og bestefar på sørlandet, gjett om me koser oss. Medan me er her nere så står Thomas på for fullt heime, det er berre snakk om timar før snekkeren kjem og tida for å bygge opp igjen er endeleg inne.
Sidan sist har det skjedd mykje, eg trur eg må dela det opp litt og starter med pipeløpet. Lenge no har pipeløpet smuldra litt i gangen i andre etasje, når me starta rivinga på soverommet vårt vart det ikkje akkurat noko betre, så me såg oss nødt til å rive ned murpussen og slemme den på nytt.
Fredag og laurdag denne veke har me hatt besøk av Kristof og ein til og no er det allereie fiksa. Kristof er han samme som me brukte då me la skifer på terassen i Helleveien og me har nytta han til nokre småting i huset innimellom. Han gjer ein fin jobb :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar