onsdag 11. juni 2014

DAG TO:

Dag to av oppbygginga er vel overstått og det går stadig framover med guttaboys. Idag har dei konsentrert seg om golvet og eg trur Thomas allereie har lert mykje om snekring. Hihi :P


Bjelkene som låg i etasjen fra før er 3x7 tommer (73x173 mm). Denne dimensjonen finns ikkje lenger og difor retter me ut med 2x6 tommers konstruksjonsvirke (altså 48x148 mm). Snekkeren la ut laser og tok høgdene så det var ingen jobb for Thomas :) Desse vart skrudd på kvar side av dei opprinnelege bjelkene.

Deretter er det meir grundig kosting av støv, snekkeren hadde med ein finfin industristøvsuger som egner seg godt til å få opp det aller meste av gammal skit og støv.


Så la gutta ned 15 cm med isolasjon, noko som passa fint ilag med bjelkene på 14,8 cm.


Ferdigkappa (23x098) forskalingsbord (som Thomas brukte heile kvelden igår på å kappe opp) blir så lagt på tvers over bjelkene og skrudd fast i dei nye bjelkene. Det geniale er at då får dei ferdig arbeidsgolv utan at dei treng å vera redde for å skade det nye golvet som skal komme på seinare.




Det skal komme 6 mm silencioplate og 20 mm heiltregolv oppå desse borda når me er nesten heilt ferdige, det kjem til å bli så bra!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar