onsdag 21. mai 2014

17.MAI 2014

Heihei :) Tida går litt ifrå meg no etter eg starta å jobbe igjen, tenk at me er komen til slutten av mai allereie? Var det ikkje nettopp januar? Jaja, livet går sin gong her i Nygjerdet og me koser oss. Aksel har blitt så stor no og så flink til å prate, snart kan han gå og, det er eg sikker på :-) 




Sidan det nylig var 17.mai feiring tenkte eg å dele litt bilete fra dagen vår. Me starta stille og roleg med frukost saman her heime før me tok på oss finstasen, Aksel var så fin i bunaden sin forresten. Halv ti traska med innover mot sentrum, deilig å bu i gåavstand på sånne dagar, slepp me å stresse med korleis me skal komme oss fram og tilbake. 







Vel inne i sentrum traff me naboane våre og stod med dei og såg toget. Som regel har eg jo pleid å gå i toget sjølv, så litt rart var det å stå og sjå på i år, men veldig koselig og. Vel heime igjen var det berre å skifte til lettare finklede og gjer ferdig kaka (eg laga Pavlova for første gong, sånn delvis vellukka vil eg sei), skjære opp salat og stikke opp til Landås der det var grilling med gode vener. 

Alt i alt ein super og roleg dag :-)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar