mandag 17. mars 2014

PAKKING

Me pakkar og me pakkar. Kvifor, spør du? Jo, i sommer skal me pussa opp, sånn skikkeleg. Det inneber at me må flytta ut av 2 etasje og opp på loftet, samt at me må rive opp alle vegger, tak, ja tilogmed golvet skal vekk. 1. juni må me vera klare, men helst lenge før det, sidan mannen i heimen skal levere bachelor akkurat då. Hehe, kanskje ikkje verdas beste planlegging frå vår side, men alt går om du berre vil det nok. Og det vil me.

Verdas beste hjelpar er sjølvsagt på plass! <3
Så forrige helg, og litt av denne har gått til pakking. 11 bananesker er henta på Rema 1000 og fyllt opp med bøker, filmer, bilder, gode minner og andre ting, fleire poser er fyllt opp med kler, babyutstyr, sengety og alt sammen er bert opp på loftet. Reoler er flytta ned i ståva (dei får me ikkje opp trappa til loftet, nemlig) og som de skjønar så er me meir enn klare til å sette i gong. Me satser på å starte på rivinga rundt påsketider, så me har igrunn god tid enda, men me liker å vera litt tidleg ute.

Sjølv om det er litt koselig med det originale treverket, så skal det jo bli heilt greit med nytt og :-) Her er forresten prøver på furugolvet som me har bestemt oss for.
Ellers er det mange andre ting som skal planleggast i samband med denne oppussinga, og det er til dømes kva planløysing me skal ha, kva golv skal me ha, farge på veggane og slike ting. Vel, den største bøygen har heilt klart vore planløysinga, me har hatt kvar si meining om kva som blir best og me har lenge trudd at me ikkje skulle bli einige til slutt. Men det har endeleg ordna seg og me er begge fornøyd med resultatet.


Når det kjem til golv har me faktisk endra heilt meining og istadenfor eikegolv som me eigentleg hadde bestemt oss for har me no gått over til eit lyst og fint furugolv. Eg trur det blir veldig bra, og ikkje minst så er det litt billigare enn eik, noko som igjen gjer at me kan prioritere eit par andre ting i tillegg. Vinn Vinn.

Me har også hatt mange fargeprøvar heime, for å sjå kva som kan passe og no trur eg me nærmar oss noko der og. Det kjennes godt no når ting begynner å bli klart, så no må berre tida gå litt fortare slik at me kan komma igong, og ikkje minst slik at me kan bli ferdige, det gler eg meg nemlig mest til :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar