fredag 21. februar 2014

TREFELLING

Heilt sidan me flytta inn her har Thomas snakka om at han har så lyst å hogge ned (det einaste) treet i hagen vår. Me jobbar jo sakte, men sikkert for å få ein fin hage og tar verkeleg ein ting om gongen. Framsida er eg eigentleg ganske nøgd med no, men på baksida er det framleis mykje som gjenstår.



Men tilbake til dette treet. Då foreldra til Thomas var her for å feire ettårsdag nytta Thomas høvet til å få med seg faren på litt trefelling. Det var typisk at motorsaga vår ikkje ville igong akkurat denne dagen (den har ikkje vore nytta på ei stund) så dei måtte faktisk til med stikksag. Heldigvis var ikkje trestamma så tjukk, og dei saga den av litt langt oppe slik at det skulle vera tynnast mogleg.



For å sei det sånn, treet kom ned det. Med eit brak. Så no ligg det no her på utsida og ventar på at motorsaga skal bli i orden slik at me får kappa det opp og kjørt det bort. Eller kanskje me skal lage vedkubbar av det? Me får sjå :-)



Og vips vart utsikta vår brått litt betre. Det kjennes meir opent når me er utanfor, men ikkje minst kan me endeleg sjå Ulriken utan problem fra ståva. Herleg.

1 kommentar: