Igår vart Aksel ett år. Tenk at vetle guten vår er eit heilt år allereie? Eg hugsar jo som det var igår dei første skrika, den første gongen eg fekk han på brystet og ikkje minst den heilt fantastiske kjensla det var å endeleg få møte sonen min. Det hadde me venta så lenge på. Tida har gått og me har vore innom både vinter, vår, sommer, haust og no vinter igjen. Me har hatt gode netter, lange netter, søvnlause netter, latter, glede, tårer, ja, det meste. Det har utan tvil vore det beste året i mitt liv. Det er fint å vera mamma altså :-)
For anledingen har me hatt besøk av bestemor og bestefar i helga, altså foreldra til Thomas, det har vore så kjekt og det er så artig å sjå kor kjekt Aksel synes det er. Han blir jo heilt rakett og ler kvar gong bestemor ser på han. Skjønningen.
Igår hadde me eit lite selskap her. Det var ein noko overraska gut som kom ned fra kvilen sin til eit hus som var gjort om til bursdagsarena medan han sov. Kaker vart baka, bordet vart dekka, lys vart tent og ballongar hengt opp i taket. I tillegg var huset fullt av gjester som var komen for å feira gullegutten.
Første fekk han opna alle gavene som var komt, og han fekk så mykje flott. Deretter var det tid for kakespising, først litt bolle og så mykje kake. Som han kosa seg. Me sang bursdagsangen for han og så var det tid for mykje leiking med alle gjestene.
Det var ein lukkeleg og utslitt guttebass som fann senga igår kveld. Eg trur han hadde ein super ettårsdag, og no er det berre å gle seg til han blir to år og ny feiring står for tur ;-)
Hurra for Aksel! Litt sent, men ser ut som om han koste seg none the less! <3
SvarSlett