onsdag 28. november 2012

BLOGGKRISE

På mandag støtte eg rett og slett på eit problem her på bloggen. Då eg skulle laste opp bilete fekk eg beskjed om at det ikkje var plass til fleire bilete, trur de eg vart stressa då eller? Berre litt. Det er jo ikkje noko særleg til blogg om ein ikkje kan legge inn bilete liksom.

Fann ut det var best å legge fra seg dataen og sjå ting litt an. Idag har eg fri fra jobb og har hatt tida til å google litt rundt og fann fort ut at dette er noko som skjer med alle som blogger via blogspot enten før eller seinare. Det var berre til å kjøpe seg litt større lagringsplass og så var problemet løyst. Så no er alt i sin skjønnaste orden igjen. Puh.

Sidan sist har det ikkje skjedd så veldig mykje. Me har omsider hengt opp ei gardin på badet, det har eg sakna ei stund kan ein sei. Me greide å finne ei gardin som passa så godt saman med stellematta til babyen, eg er nesten imponert over oss. Så har eg endeleg starta på prosjekt "omorganisering av kjøkkenskap", til Thomas sin store glede. Eg har fått nokre klager på organiseringa mi der inne, og eg ser jo sjølv kor dårleg eg har nytta all den gode plassen eg har no. Så er det vel på tide å lage litt plass til  diverse babyting som skal inn i kjøkkenskapa snart.

Idag skal me inn til byen ein liten tur, det gler eg meg til. Bare eit par små ærend, men det er koseleg å komme seg ut litt avogtil. Men først skal eg gjer ein innsats til inne på kjøkkenet! Me bloggast!

No kan ingen sjå inn til oss lenger, hurra!!!

Og dersom ein ser bort ifrå at stripene ikkje går same veg så er det jo som om dei vart skapt for å stå saman? :P





EXTREME MAKEOVER: MATBOD

Edit: Dette innlegget vart skreve på mandag 26.11.2012

Forrige helg då me skifta vindu i matboden fann eg ut at det var det ideelle tidspunktet og male den på også, sidan den allereie var tom meinar eg. Heldigvis er ikkje Thomas så vanskeleg å overtale, så det har vore prosjektet den siste veka, sånn innimellom taktekking og eksamenslesing og diverse anna som den fine mannen min driv med.

Idag vart siste handa på verket lagt og eg må sei eg er kjempenøgd. Det blei eit strøk med grunning, to strøk med maling og så listing til slutt, sistnemnde har jo Thomas blitt så flink til no, så det gjekk som ein leik. Så no er den litt kule 70-tals tapeten bytta ut med litt fresh kvitmaling og frøken er svært så glad. Godt med alt som er gjort seier eg berre.

Ellers har me hatt oss ein tur på butikken idag, me har byrja med vekeshandling, altså at me prøver å handle ein gong i veka. Ganske herleg å sleppe å køyre innom butikken omlag kvar dag, som eg gjorde før. Og ikkje minst er det fantastisk å ha middagsplanane klare for heile veka, det blir det gode og sunne middagar av. Imorgon er det heimelaga lapskaus på menyen, etter oppskrift frå mi kjære mormor, ho lagar nemleg den beste lapskausen, eg kjenner eg gler meg allereie! :)

Slik såg det ut i boden "før".



Og slik såg det ut "etter".

Guten er nøgd. Og det er sjølvsagt jenta bak kamera også :)

Hyllene kjem på plass igjen.

Og vips var den klar til bruk igjen.

Herleg!!! :D

søndag 25. november 2012

TFK JOGGSTER TWIST

Då har me endeleg henta vogna vår, det er over ein månad sidan eg endeleg bestemte meg og la den av i butikken. På mandag fekk eg endeleg henta den og no er den her, litt rart.

Det var litt av ein prosess å bestemme seg for kva vogn ein skulle velje. Eg hadde eigentleg bestemt meg på forhånd om at eg skulle kjøpe Emmaljunga Edge Duo, den synes eg er veldig fin og kjenner mange som har den som er nøgd. Men etter mange turar til Barnas hus, mykje surfing på nettet og slik kom eg tilslutt fram til at TFK var vogna eg ville gå for.

Denne vogna har kun tre hjul der det fremste er svingbart (ein kan og låse det sjølvsagt). Den er heilt vanvittig god å trille (iallfall innandørs) og den blir ganske liten når ein legg den saman. Sistnemnte var veldig viktig for meg sidan eg har verdas minste bil. I tillegg er det også ein handbrems på denne vogna, nymotens saker, eg trur det kjem til å bli heilt supert, særleg når ein trillar ned bratte bakkar. Eg har jo planar om å trille mykje på tur, eg som skal ha heile våren og sommaren i permisjon :)

Dette er ei duovogn, altså er det eigentleg ei sportsvogn så kan ein kjøpe ein bag ved siden av. Foreløpig har eg berre montert bagdelen då det er den eg skal bruke først. Fargen eg valde er som de kan sjå grå på bagdelen og så har eg valgt svart på sportsvogna, greit og ikkje ha samme farge på dei ulike delane så blir det omlag som to ulike vogner.

Imorgon går eg inn i tredje og siste trimester og det er under tre månadar igjen, eg håper tida går fort for no gler eg meg sånn til å helse på den vetle og ikkje minst til å finne ut kven det er som skjuler seg inne i magen min.

Her er meg og vogna. Kler eg det? Hehe, litt rart er det-

Byrjer jo å bli litt storleik på magen no :P

Eg har kjøpt ein brukt vognpose som eg er kjempefornøyd med. 

Trur nok babyen skal kose seg oppi her <3

Så fornøyd er eg!! :)

Handbremsa. :)


lørdag 24. november 2012

THOMAS GJER TING HAN IKKJE KAN: TAKTEKKING

God laurdag til alle saman! :) Idag starta eg dagen med å sove lenge, herleg. Klokka halv ni måtte Thomas opp, så då slapp han kattane inn til meg og me drog oss heilt til halv elleve. Dei har verkeleg blitt kosete desse pusane no, og vil helst ligge i fanget heile tida, og når det ikkje går så ligg dei ved siden av, som no, eg sit me kjøkkenbordet og pusane ligg på nabostolen. Søtingane.

Grunnen til at Thomas måtte opp tidleg var at han og ein kompis tekker taket på uteboden idag. Han er ikkje redd for å hive seg ut i ei utfordring han der guten der altså og prøver seg på det aller meste. Eg var akkurat ute for å sjå korleis det går og det ser faktisk ut som dei får te til og. Ikkje verst. Thomas fekk eit lynkurs på jobben igår av ein kollega og eg kan ikkje få sagt nok kor imponert eg blir over at han faktisk får det til og. Og ikkje minst snille Magnus som orker å bruke ein heil laurdag på å hjelpe.

Eg bistår på min måte med å servere dei mat og kaffi når dei ynskjer det og ein liten sjokoladebet når blodsukkeret er på veg ned. Ellers er det faktisk ganske fint ver i Bergen idag, så eg rusla meg bort på butikken isted, mest for mosjonen sin del. Eg tenkte eg skulle få unna litt husarbeid idag og, før me skal på fest ikveld. Som eg gler meg, lenge sidan eg har vore på fest no og det skal bli så kjekt å sjå alle jentene igjen <3





fredag 23. november 2012

HELG IGJEN

Vekene går så fort, og det er allereie helg igjen. På mandag er eg 28 veker på veg, då er det berre 12 veker att, i dette tempoet så kjem dei 12 vekene til å fyke avstad. Plutseleg er jula her, og etter jul trur eg at eg kjem til å bli litt stressa med tanke på å få alt i stand, eg som er gravid for første gong er opptatt av at alt skal vera på plass før minsten kjem og foreløbig føler eg at me mangler det meste. Eg synes sjølv det er skikkeleg rart at eg snart er 28 veker på veg og eg har ikkje kjøpt eit einaste klesplagg til babyen enda, det er ikkje det, eg har god tid enda, men litt rart er det likevel at eg ikkje har falt for freistinga :)

Eg er sjukemeldt 50% fram til jul no og det kjennes bra. Så idag har eg hatt fri fra jobb, har fri onsdagar og fredagar så vekene er ganske korte sånn sett. Godt å få ein mjuk start på helga kjenner eg, eg har tatt det heilt med ro idag, stort sett berre kosa med pusane. Litt husarbeid har eg fått gjort innimellom og ein liten tur på butikken. Det er ikkje så enkelt å handle aleine for eg greier jo ikkje bera så tungt, men eg fekk med meg det viktigaste så måtte Thomas stoppe på vegen heim fra jobb å plukke med seg litt kattesand og sånn.

Ikveld har me vore ute på jobben til Thomas å henta litt material. Det er aldri ein roleg augneblink her i heimen og imorgon er det taktekking som står for tur. Blir spanande å sjå korleis det går, men det er som eg seier: alt du vil det får du til. Thomas oppdaga nemleg her eindag at det lakk fleire stader i taket ute i uteboden vår, og det må me ordne no før vinteren kjem. Eg er litt skeptisk då taket på uteboden går rett ned i vegen, dei som har vore her veit jo at det er stykke ned, men dei skal sjølvsagt sikre seg godt og så må dei vera veldig varsame. Heldigvis har Thomas fått hjelp av ein kompis så han slepp å stå med det aleine, det er jo ikkje så mykje hjelp i meg for tida :P

No er det derimot avslapping på planen, me skal benke oss foran tv-apparatet og håper det er noko spanande å sjå på på ein fredagskveld. Litt godt i skåla skal me nok og finne fram. Og muligens litt sørlandsk julebrus som me har vore så heldige å få av den fine familien vår :)

Idag vart det litt mimring, eg har akkurat lagt inn alle bileta frå telefonen min og der var det mykje artig som eg ikkje har sett på ei stund :) Dette er fra den første veka vår i Nygjerdet. Oh the memories, snart er det eit heilt år sidan.

Og alle dei gongene me har vore på BIR og kasta boss, det er jammen ikkje få. No skal ikkje eg skryte på meg at eg har vore med kvar gong, men Thomas har iallfall stått på. Skulle nesten likt å visst kor mange turar det faktisk blei tilslutt :)

onsdag 21. november 2012

NYE VINDAUGER

På laurdag i helga som var hadde me som nemnt besøk av søstera til Thomas og mannen hennar, skikkeleg kjekt var det. No er det jo ein kjent sak at ingen kan komme på besøk til Nygjerdet 10 utan  å hjelpe til med noko og denne gongen var det svoger som måtte til pers. Morten og Thomas slo til å skifta ut vindauga på gjestetoalettet og i boden. Me gjer så godt me kan for å isolera huset mest mogleg før vinteren kjem.

Så langt har me:

  • skifta vinduaga på gjestetoalett og i matbod
  • fiksa dei utvendige ventilane
  • hengt opp plastikk i åpninga til loftet
I tillegg til dette har me jo og fått stikkontakt oppe slik at me kan sette på ein omn i gangen der, sjølv om det ikkje er eit direkte varmetiltak så vil det iallfall hjelpa oss å halda temperaturen oppe :) Så no er me litt betre rusta enn me var sist vinter, sjølv om me så gjerne skulle ha skifta ut ytterdøra og vindauga i trappeoppgangen og, men det får bli før neste vinter igjen. 

I tillegg til dette rakk me også å starte på julebaksten medan me hadde besøk. Det er kanskje litt tidleg, men Morten er bakemester og me måtte jo berre utnytte det :) Så no har me smørkransar og krumkaker i lange banar! Heldigvis hadde me fått kakeboksar av svigermor, så me hadde ein plass å lagre dei og. Skal ærleg innrømme at eg går å smået på dei smørkransane fleire gongar om dagen, men dei er jo så gode!!! :)







tirsdag 20. november 2012

LIGHTS

Eg nemnde såvidt at familien Ådnanes tok seg ein tur til Bergen forrige fredag for å hjelpa oss med å få litt lys og litt stikkontaktar i andre etasje. Elektrisiteten der oppe var gammal då me overtok huset og i samband med badet måtte dei kople den av. Dei har jo reglar dei må følgje og når dei kjem over ting som ikkje er trygt eller lovleg må dei rett og slett kople den av, for om det hadde skjedd noko så er det dei som står ansvarleg på ein måte.

Så sidan badet kom på plass har me eigentleg kun hatt to stikkontaktar inne på soverommet vårt, og no når hausten og vinteren kjem merka me kjapt at det var litt i minste laget. Då er det jammen godt å ha ein pappa som er elektrikar. Han ordna ein stikkontakt på begge gjesteromma pluss at han hang opp ein taklampe samt ein brytar til den i gangen. Heilt fantastisk!

Min kjære bror hadde med seg innflyttingsgåve til oss og, ein kjempeflott stålampe til ståva. Eg har klaga litt på manglande lys her nede også, så det var berre heilt fantastisk! Eg er sånn passe glad i lys og vil helst ha på alle lysa i heile huset heile tida, til Thomas sin store fortvilelse, hehe, eg skrur på og han skrur av :P

Me hadde ein kjempekjekk dag saman, det er alltid så kjekt med besøk av familie. Eg og min bror fekk til og med lurt inn ein liten søskentur til sentrum og pusane fekk så mykje kos og oppmerksomheit. Tusen takk for hjelpa <3

Her se de taklampa, den er gammal og godt brukt, men den gjer nytta si likevel. Utruleg herleg å endeleg ha lys her!!

Nymotens lysbrytar.

Stikkontakt MED straum i, her skal me ha ein oljeomn og eit lys slik at me kan ha litt varme i heile etasjen :) Thomas har og endeleg hengt opp persienner her, godt å sleppa innsyn frå naboar.

I samband med besøket me hadde i helga flytta me bokhyllene inn her, dei stod eigentleg i gangen, men me tenkte me skulle prøva å gjera det litt triveleg her inne også. Veldig fornøyd med resultatet og deilig med litt større plass i gangen og. 

Det gjenstår litt arbeid her oppe som de ser, men så er det litt triveleg og, og ha det opprinnelege treverket framme ei stund :)

Må jo ha med eit pusekattbilete og, dei er som regel med oss overalt, så nyfikne, så eg hadde ein søt pus med meg då eg skulle fotografera idag <3 

søndag 18. november 2012

FOR EI HELG

Eg veit ikkje kor eg skal starte eingong, denne helga har vore så nydeleg og det har skjedd så mykje. Eg får vel nesten starte med byrjinga, på fredag kom den fine familien min frå Stord for å hjelpa oss med litt elektrisitet i andre etasje. Utruleg snilt gjort av dei og no er det så lyst og fint der oppe. Samt har me fått litt stikkontaktar i alle rom.

Laurdagen starta med besøk av tanta og kusina mi, kusina mi er sju år og synes det er stor stas med små, søte pusekattar <3 Så det var veldig kjekt :)

Etter det kom søstera til Thomas og mannen hennar, dei overnatta til idag og me hadde ein kjempeflott kveld igår! Dei hadde med seg to store kartongar med ting fra Kosvik, og der var det MASSE kjekt!!! Alt fra julepynt og pledd til flotte ting me trong til babyen! Både eg og Thomas er heilt overvelda, det var jo alt for mykje, men me er så glade for me trengte verkelg ALT som var oppi der :) TUSEN TAKK!!!

Det var utruleg kjekt med besøk og, me kosa oss med god middag og "Touchè" som er eit spel me alltid spelar med familien Ødegård. Idag brukte me dagen på julekakebaking, me baka smørkransar og krumkaker. Fantastisk gode begge to :)

Alt i alt ei super helg! Det kjem litt meir utfyllande innleg ila veka. :)

Her er litt av innhaldet i den eine pakken, sengekant dyne og pute til babyen. Kakeboksar og sengetøy med julestemning på seg. Pusen var her fra frå, og sneik seg oppi her utan at me merka der.

Sjå kor ho kosar seg <3 Fine pusekatten :)

onsdag 14. november 2012

WAFFLES

Hei alle! Då var det allereie nokre dagar sidan sist. Eg blir så trøtt dei dagane eg er på jobb så då blir det berre sofaen resten av dagen og inspirasjonen sit litt langt inne, men idag derimot har eg hatt fri og er back on track.

Kanskje ikkje verdas beste bilete av meg, men her lagar eg vaffelrøre :)

Eg valde å stå over symjinga idag, har vore litt sliten den siste veka og tenkte at eg heller trong ein dag der eg sov litt lenger enn vanleg og berre slappa av utan noko utanomdørs aktivitet. Eg har ikkje berre holdt sofaen då, eg har nemleg vaska hovudetasjen av huset (det tar litt tid då eg må vera varsam med ryggen) og planlegg å ta resten imorgon (då med hjelp av Thomas), me får nemleg storfint besøk i helga. Mamma, pappa og min bror kjem på dagtid på fredag, me skal sjå litt på det elektriske anlegget i andre etasje. Og på laurdag kjem systra til Thomas og mannen hennar og skal overnatte til sundag, FOR ei helg seier eg berre. Eg gler meg!

I ettermiddag har me vore ein tur ute på vift og. Sneik oss innom ein visning, dei fleste veit vel at me plar ta oss ein tur på visning i ny og ne, det er berre på gøy og me har på ingen som helst måte tenkt å hverken selje denne herlegheita i Nygjerdet eller kjøpe oss noko anna. Men det er gøy å sjå korleis andre har det, finne litt inspirasjon og sånn. I tillegg til dette var me innom senteret her på Laksevåg å plukka med oss litt småting til huset.

Ser dei ikkje gode ut då? Forstår ikkje at Thomas ikkje likar dei :P
























Ellers er eg litt matlei om dagen, det går mykje i det same her i huset og skjever er noko eg et til tre av fire måltid om dagen. Eg er så lei av skjever. Så idag bestemte eg meg for å laga vafler til kvelds, av den litt sunnare sorten sjølvsagt. Dei inneheld ikkje kveitemjøl eller sukker, nemleg. Det einaste dumme med dei er at Thomas ikkje likar dei, hehe, men han er så høfleg at han et dei han og :) Hadde det vore opp til meg hadde eg berre levd på yoghurt og marsipan, det hadde vore noko det. Men det kan eg sjølvsagt ikkje, og spesielt ikkje no når eg har ein liten mini inni magen <3

lørdag 10. november 2012

VOSS!

Me er akkurat sjekka inn på Park Hotel Vossevangen, og her skal me vera til imorgon. Stor stas. Det er jobben til Thomas som har invitert til feiring då dei er 130 år i år:)

Me har reist ifrå pusane, men me har satt fram rikeleg med både mat og vatn, så satsar på dei klarar seg eit lite døger aleine! Me gav dei skikkeleg kosemoseoverdose igår, så dei er sikkert klar for ein dag med fri fra oss sjølv om eg må innrømme at eg saknar dei allereie <3

God helg til alle:)

onsdag 7. november 2012

TRØTTE PUSEKATTAR

Det er ikkje berre berre å vera pusekatt, det er tungt å leika heile dagen også må de veta :)

tirsdag 6. november 2012

VARMETILTAK

Det er eit faktum at vinteren er på veg også i år, me slepp ikkje unna den. Eg er uendeleg glad for at me har varmepumpe i huset, men den hjelp berre i hovudetasjen, andre etasje er kaldare og trappeoppgongen er heilt frysepinnskapande når minusgradene slår til.

På kjøkkenet har me merka ein kald trekk, akkurat foran komfyren vår. Eg har ikkje tenkt at det var noko me kunne gjera noko med, men Thomas tenkjer alltid etter to gonger, heldigvis. Han tok seg ein tur rundt huset og såg at det var fleire ventilar som mangla luke, altså er det berre opne hol rett gjennom veggen, ikkje bra. Så guten ordna sjølvsagt opp og kjøpte nye ventilar som no er montert, i tillegg til dette har han og hengt opp ein plastduk på toppen av loftstrappa. Dette litt for at ikkje kattane skal rote seg opp på loftet, men mest for å prøve å halde på den vetle varmen me har der.

Me elskar jo dette huset, og har ikkje mykje negativt å sei om det, men om det skulle vera noko så må det vera inngongspartiet. Det er litt lite og veldig upraktisk, men sånn måtte det jo sjølvsagt vera då det vart laga som ein generasjonsbolig i si tid med eigen bolig i andre etasje. På sikt skal me skifta ut ytterdøra og det vil nok hjelpe noko på kulden i trappeoppgongen, så har me og eit vindauga der som trengs å fornyast, men det vart ikkje gjort denne vinteren. Så me får berre halda det ut.

Det som kanskje er det mest keisame i samband med den kommande vinteren er nok at me ikkje har nok straum opp i andre etasje til å halde to oljeomnar gåande på same tid. Men det kan det hende me kan få ordna snart slik at me kan setje på litt varme oppe. Heldigvis er badet godt og varmt og me har ein omn på soverommet og. Eg tenkjer jo litt på babyen som skal kome etter jul, men det er heldigvis ikkje så lenge før våren kjem då og til neste vinter er me forhåpentligvis litt betre stilt :)

Ny luke til ventilen på badet til jentene i kjellaren.

Og ei ny luke til kjøkkenvifta.

Og plast på toppen av trappa. Det einaste negative med det er at eg ikkje gidd å hente ting på loftet lenger, då plasten er spikra fast slik at ikkje kattane skal snike seg inn :)

søndag 4. november 2012

LAURDAGSKVELD

God sundagsmorgon alle. Siste dagen i helga og imorgon er det ei ny veke igjen. Denne veka har eg jobba femti prosent og eg må seie at det var heilt fantastisk. Frå å omlag berre liggje på sofaen har eg denne veka fått gjort mykje.

Endeleg komen igong med rydding oppe, vaska ein heil haug av klede, vore i symjehallen to gonger (greide å få med meg Thomas eintur på fredagskvelden), vore litt med vener og ein del andre slike småting som eg ikkje ellers har orka på ei stund. Det kjennes veldig godt :)

Igår kveld var me som vanleg berre heime, hehe. Ikveld har me billettar til den nye James Bond filmen på kino, så eg greidde å få Thomas til å sjå Quantum of Solace med meg igår, som er den forrige filmen som kom. Veldig triveleg, lenge sidan me har hatt "filmkveld" no, så det var absolutt på tida.

Litt bilete frå kvelden igår:

Dette bilete var berre SÅ koseleg, sjølv om eg er noko sløv i blikket. Jentene til Thomas + baby ventar på at guten skal gjera klar til filmkveld :)

Må berre leggje til at pusane endeleg har fått seg ny do, den me hadde var blitt ein smule liten etterkvart og då den eine pusen har vore dårleg i magen nokre dagar har det resultert i scenar eg ikkje skal gå nærare innpå. No når eg er gravid skal eg jo vera veldig forsiktig med kattebæsj og det er ikkje berre enkelt når katten tråkkar i det etterpå og smører det utover golvet, jaja, nok om det :)

Eit lite stemningsbilete frå Fløyen igår, med måneskin og det heile! Elskar denne vakre utsikta vår <3

Og eit stemningsbilete frå stova i Nygjerdet 10 <3 

lørdag 3. november 2012

GJESTETOALETT

Ja, då var det laurdag og me har fått gjort litt idag og. Eg nenmde såvidt her eindag at me skulle ein tur på IKEA, me har nemleg fått for oss at det er på tide å gjera noko med gjestetoalettet vårt, som til no har sett ganske utriveleg ut.

Det er ikkje mykje som skal til, så idag har Thomas lista golvet der inne og pluss at me har hengt opp toalettrullhaldar og knaggar til handdukar. No manglar berre nytt vindu med karmar og nytt tak, men det får komma seinare. Det vart iallfall mykje betre!

Medan me likevel var på IKEA så tok me med oss ei knaggerekke og, me har eigentleg ikkje noko særleg plass kor folk å henga av seg jakkar når dei er på besøk, og våre bruksjakkar blir alltid liggande på spisebordet, så det skal bli godt å kunne henge det av seg i gangen fra no av :)

Etter ein lang pause der me ikkje har gjort så veldig mykje i huset, er det no veldig godt å vera litt igong igjen. Det er berre småting me gjer no, men det er viktig at slike ting blir gjort også.

I tillegg til dette har Thomas gjort nokre varmetiltak før vinteren slår inn, meir om dette kjem imorgon :)

Jenta hjalp til idag! :)

Me hang den høgt på veggen slik at kattane ikkje når så enkelt opp, pluss at det kjem jo snart born her og, greit at dei ikkje riv ned jakkar og slik. (eg snakkar i fleirtal, men det kjem berre eit born no altså:P)

Knaggar til handdukar!

Toalettrullhaldar.

Og lister på golvet! Det blei ganske mykje betre her inne no, synes iallfall me :) Vanskeleg å få til noko bra bilete her sidan rommet er så lite :)