God kveld! Då var eg komen meg til Bergen igjen for to dagar med jobb, før eg vendar nasa tilbake til Stord for å henta Aksel. På fredag reiser eg og Aksel tilbake til Bergen, og her skal me vera iallfall den neste veka. Det blir mykje fram og tilbake på oss denne sommeren, men det skal nok gå bra :-)
|
Dette rommet skal bli Aksel sitt <3 |
|
FORNØGD frøken etter jobb idag! |
Då eg kom heim frå jobb idag kunne eg gleda meg over at me har fått eit nytt rom her i huset. Først starta det som soverom, sidan vart det gjesterom, bibliotek, TV-ståve, gjesterom igjen før det no endeleg har blitt eit skikkeleg rom, eit rom med "fire veggar" og snart ei dør. Det skal nok framleis nyttast som gjesterom og eg må innrømma det skal bli godt å ha noko "skikkeleg" å tilby gjester som kjem på besøk her hos oss!
|
Inn på det nye rommet! :-D |
|
Det nye rommet. Det er ganske lite, og litt rar form, men det kjem til å bli eit supert barnerom eindag, og mellombels får det duge som gjesterom :-) |
Ellers har det komt plater i gangen og i samband med dette nye rommet har det komt opp nye veggar. Thomas jobber på med å isolere taket og imorgon kan det være det kjem nokre plater der og, samt at gangen skal gjerast heilt ferdig. No er det ikkje lenge før det er heilt klart for sparkling, berre kjipt at malaren ikkje kjem før etter neste veke. Jaja, det er betre å ligge føre skjema, enn bak, og det er jo ikkje slik at me skal gå arbeidslause heller. (Me har nemlig eit hav av listverk som skal malast, både golv-, dør- og taklister).
|
Den nye gangen, litt lenger enn den var før! I taket her skal det henga to flotte lampar, det kjem til å bli råbra! |
|
Isloering av taket :-) |
Eg startar etter planen opp att i hundre prosent på jobben fra tysdag av og Thomas skal og jobbe litt etter å ha hatt fire veker med "ferie". Han skal framleis gå heime med Aksel nokre dagar i veka då, så det er ikkje heilt slutt på heimekosen for hans del enda :-)