Du veit at det nærmar seg vår når dei byrjar å spire i hagen, ingen tvil om det! :)
Idag har eg endeleg fått vaska litt i kjellaren, det var på tide, det blir altså så mykje støv når ein pussar opp, og det legg seg ikkje berre ein plass, men i heile huset. Tilogmed på loftet. Men no byrjar eg heldigvis å få det under kontroll igjen, det var her ei lita stund eg lurte på om eg nokon gong kom til å klare å få det reint her igjen.
Igår fekk eg forresten endeleg rydda ut siste rest av kjøkkentinga. Det er heilt utruleg for eit tiltak små, enkle ting avogtil kan vera. Men no er det endeleg gjort, og godt er det. Smoothiemaskinen er komen på plass på kjøkkenbenken og gler seg til å verta brukt mykje! No når våren er på veg er det så himla friskt og godt med smoothie. Angåande vårteikn, så har det faktisk byrja å spire i beda våre, skikkeleg kjekt. Friske og flotte fargar :D
Imorgon er det dobbelvakt, så eg kjem tilbake med meir på onsdag!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar