Tenk at helga er over allereie? Dei går så altfor fort for tida. Dette har vore ei utruleg fin helg, eg har vore mykje med vener, mamma og pappa har vore på besøk og me har fått gjort mykje i kjellaren.
Det som gjenstår nede no er igrunn berre småplukk, som til dømes å henga opp ventilatoren, setja på plass vasken, kobla i vaskemaskin/komfyr/kjøleskap etc, få på plass stikkontaktar, legge siste rest av golv (snekkaren må fikse det) og listing. Så har me sjølvsagt litt maling igjen og, me hadde i utgongspunktet tenkt å mala dørene nede kvite, men så er me litt usikre på om me skal gidda, rett og slett. Det er jo igrunn fint sånn som det er og.
Imorgon er vel planen at elektrikaren skal komma, Thomas har tenkt seg eintur på søpla og eg skal vaska og på trening. Det gjekk ikkje kjempebra med helgevasken for å sei det slik, hehe, fekk jo gjort litt på fredag, men igår rakk eg ikkje noko ting og idag har eg berre vore for slapp, me var jo trass alt ute med fine vener igår:) Det er jo skikkeleg deilig og berre gi litt blaffen avogtil å slenga på sofaen.
|
Fine blomar i den koselege spisestua vår <3 |
|
Det blir mykje boss når ein pussar opp! |
|
Difor er det HIMLA praktisk med den gode varebilen slik at me kan få unna ting undervegs. Det verste eg veit er folk som berre lar det liggja og flyta over med boss i hagen! No can do altså :) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar